Semestre

REL153N Religion, media og populærkultur

Emnekode: 
REL153N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Media og populærkultur er i dag ei viktig kjelde til kunnskap om og forståing av religionar og deira innverknad på individ og samfunn.  Dette emnet vil gi kunnskap om korleis media og populærkultur tematiserer religion og livstolking.  

Emnet gir ei kort innføring i kulturomgrepet og det fleirkulturelle samfunnet, der det vert lagt vekt på tilhøvet mellom kultur og religion, kulturmangfald og verdiar.  

Vidare gir emnet innblikk i korleis populærkultur som livssynsmarknad kan vere kjelde til og arena for livstolking. Det vert her fokusert på film og korleis meiningsdanning kan skje i møte med dette mediet. Sentrale tema her er stereotypiar, fiendebilete og korleis religiøse motiv blir brukt, tolka og omforma på film.  

Emnet tek også opp korleis media kan påverke sosialiseringa til barn og ungdom. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forholdet mellom religion og media i det fleirkulturelle Noreg  
  • har kunnskap om populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv  
  • har kunnskap om meiningsdanning og livstolking med utgangspunkt i film som  populærkulturelt uttrykk  
  • har kunnskap om medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte rolla til religion og media i det fleirkulturelle Noreg  
  •  kan utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen  
  •  kan bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen  
  • kan anvende relevante digitale verktøy
  •  
Generell kompetanse

Studenten 

  •  kan bruke kunnskapen frå emnet i ein yrkessamanheng    
  •  kan reflektere kritisk over forholdet mellom populærkultur, livstolking og media i eit fleirkulturelt samfunn  
  • har grunnleggande digital kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender med tematiske modular som består av tekster, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Det vert også lagt til rette for faglege diskusjonar i diskusjonsforum i Canvas og i fagmøte i Zoom i sanntid mellom studentar og faglærarar. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: 

Ha fått godkjent to arbeidskrav innan ein frist som instituttet fastset: 

  • ei skriftleg oppgåve på 1500 ord 
  • ein munnleg presentasjon av temaet på inntil 10 minutt (opptak med lyd eller talking head og presentasjonsprogram)  
Minimumstal: 
50
Maksimumstal: 
200
Emneansvarleg: 
Aleksander Krogevoll
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
  • Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ei skriftleg oppgåve på 2500 ord (+/-10%)
Godkjent av: 
Arne Myklebust