Semestre
REL153N Livstolking i populærkulturen
Ingen
Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking. Emnet gir ei kort innføring i kulturomgrepet og i kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert lagt vekt på tilhøvet mellom religion og kultur, kulturmangfald og verdiar. Emnet gir vidare innblikk i korleis populærkulturen kan vere kjelde til og arena for livstolking. Det vert fokusert på film som bidrag til livstolking, og korleis meiningsdanning kan skje i møte med film. Sentrale tema er populærkulturen som livssynsmarknad, tilhøvet mellom religion og media og korleis religiøse motiv blir brukt og omforma på film. Emnet gir også hjelp til å utvikle digital dømmekraft i møte med populærkulturelle uttrykk. Det vert lagt vekt på media literacy, kritiske perspektiv på mediebilde av religion og fiendebilde i populærkulturen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
forholdet mellom religion og media i det fleirkulturelle Noreg
populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv
meiningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk
medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
til å kunne drøfte rolla til religion og media i det fleirkulturelle Noreg
til å kunne utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen
til å kunne bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen
til å kunne bruke kunnskapen frå emnet i ein yrkessamanheng
til å kunne reflektere kritisk over forholdet mellom populærkultur, livstolking og media i eit fleirkulturelt samfunn
Emnet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender med tematiske modular som består av tekster, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.
Arbeidskrav:
Ha fått godkjent to arbeidskrav innan ein frist som instituttet fastset:
ei skriftleg oppgåve på 1500 ord
ei skriftleg oppgåve på 1500 ord og munnleg presentasjon av temaet på inntil 10 minutt (opptak med lyd eller talking head og presentasjonsprogram)
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ei skriftleg oppgåve på 2500 ord (+/-10%) |