Semestre
REL207 Livssynsmarknad og livssynsdebatt
Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk (t.d. REL111, REL112, REL113 og REL116) eller tilsvarande.
Emnet skal gje kunnskap om det samtidige religiøse og livssynsmessige mangfaldet, slik dette kjem til uttrykk i offentlege debattar og innslag i media og andre allmenne fora. Det skal leggjast særleg vekt på innslaget av nyreligiøse og alternativreligiøse uttrykk, på nyare religionskritikk og på den aktuelle diskusjonen omkring ateisme.
Emnet omfattar følgjande delar:
Del 1: Sekularisering, "refortrylling" og livssynsmarknad. Eit kulturanalytisk perspektiv. Innføring i
- sekulariseringsteoriar
- teoriar om seinmoderne religiøsitet og livssynsdanning
- livssynsdanning i postmoderniteten. Drøfting av pedagogiske spørsmål knytt til tema som identitetsdanning, ungdomssosiologi og ungdomskultur
Del 2: Nye religionar, sekter og rørsler. Eit oversyn. Studium av døme på
- kristeleg inspirert nyreligiøsitet
- hinduistisk inspirert nyreligiøsitet
- okkultisme, neopaganisme, scientologi og satanisme
- fenomenet New Age: opphav, utvikling og grunntankar
- den postmoderne alternativmarknaden: livssyn og livshjelp
Del 3: Nyreligiøsiteten i møte med norsk kristendom. Grunnleggjande studium av
- allmenne kyrkjelege reaksjonar på nyreligiøsiteten
- møtet med austleg inspirerte livsperspektiv
- utfordringa frå den nye okkultistiske interessa
Del 4: Vitskap og livssyn. Grunnleggjande studium av
- forholdet mellom tru og fornuft, historisk og systematisk
- den nye religionskritikken: bakgrunnar og argument, debatten mellom teisme og ny-ateisme
- forholdet mellom kristen skapartru og naturvitskap: teologi i møte med naturvitskap i dag
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om ulike forståingar av sekulariseringa og av vilkåra for religiøsitet i det seinmoderne samfunnet
- kunnskap om nyare teoriar om religiøs identitetsdanning og sosialisering, og kunne drøfte ulike religiøse og livssynsprega innslag i ungdomskulturen ut frå desse
- kunnskap om nyreligiøsitet og alternativrørsle, både i form av ulike samfunn og retningar, og som moment i populærkultur og media
- kunnskap om korleis nyreligiøsiteten har vorte møtt av kyrkjereligionen i landet vårt
- kunnskap om religionskritiske livssynsutkast med utgangspunkt i nyare naturvitskap, og som moment i populærkultur og media
- kunnskap om nyare teologisk apologetikk i møte med ateisme og religionskritikk
- kan gjere greie for det samtidige religiøse og livssynsmessige mangfaldet
- kunne reflektere over egen faglig handsaming
- kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling
- kunne beherske relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle utrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Undervisninga går over eit semester og består forelesingar i delemna, og eit oppgåveseminar. Seminardeltaking er obligatorisk. Det blir gjeve individuell rettleiing, først og fremst knytt til oppgåveskriving.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten
- ha fått godkjent to innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist
- ha delteke i eit obligatorisk oppgåveseminar der studenten har lagt fram eit utkast til innleveringsoppgåve og har kommentert eit oppgåveutkast frå ein medstudent
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i religion og livssyn
- Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. | Alle | Inntil 3000 ord. |