Semestre
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Vår
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
REL212 Fordjupningsoppgåve i religion og livssyn
Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk (t.d. REL111, REL112, REL113 og REL116) eller tilsvarande. I tillegg må studenten ta eitt valfritt emne på fordjupningsnivå anten før eller parallelt med REL212.
Formålet med emnet er å gje studenten trening i å arbeide med ei større skriftleg oppgåve. Studenten skal fordjupe seg i eit tema, arbeide med ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur. Oppgåva skal som hovudregel knytast til eitt av dei teoretiske 200-emna. Oppgåva skal oppfylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Temaet skal vere fastsett i samarbeid med ein oppnemnd rettleiar. Til oppgåva skal studenten ha sjølvvald litteratur på omlag 1000 sider.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
- ha spesialisert kunnskap om eit avgrensa område
- ha ferdigheiter i fagleg skriving
- ha ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kunne reflektere over eiga fagleg handsaming og justere denne under rettleiing
- kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kunne beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- ha ferdigheiter i dei ulike stega i skriveprosessen fram mot eit ferdig produkt
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Det blir gjeve eit kort innføringskurs i oppgåveskriving og seminardeltaking i Canvas. Studenten får tildelt ein rettleiar. Omfanget av rettleiinga er avgrensa til tre –3– konsultasjonar. Det blir arrangert to obligatoriske oppgåveseminar. På desse seminara skal studenten leggja fram utkast til eige arbeid, og vera kritikar til eit utkast av ein medstudent.
Godkjent deltaking på begge oppgåveseminar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. | Alle | 8000-10000 ord |