Semestre

REL212 Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn

Emnekode: 
REL212
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Grunnstudium (minimum 45 stp) i Religion, kultur og samfunn eller tilsvarande. I tillegg må studenten ta eitt valfritt emne på fordjupningsnivå anten før eller parallelt med REL212.

Om emnet

Formålet med emnet er å gje studenten trening i å arbeide med ei større skriftleg oppgåve. Studenten skal fordjupe seg i eit tema, arbeide med ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur. Oppgåva skal som hovudregel knytast til eitt av 100 eller 200-emna. Oppgåva skal oppfylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Temaet skal vere fastsett i samarbeid med ein oppnemnd rettleiar. Til oppgåva skal studenten ha sjølvvalt litteratur på omlag 1000 sider.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten  

  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget 
  • ​har spesialisert kunnskap om eit avgrensa område 
Ferdigheiter

Studenten 

  • har ferdigheiter i fagleg skriving 
  • har ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder 
  • kan reflektere over eiga fagleg utvikling 
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling 
  • kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer 
  • ​har ferdigheiter i dei ulike stega i skriveprosessen fram mot eit ferdig produkt 
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
  • ​kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir gjeve eit kurs i oppgåveskriving og seminardeltaking. Studenten får tildelt ein rettleiar. Det blir arrangert to obligatoriske oppgåveseminar der kvar student skal leggje fram eit utkast av sitt eige arbeid, og der ho/han også skal vere kritikar til eit utkast av ein medstudent. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent deltaking på begge oppgåveseminara.

Sensorordning
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Alle.
Individuell semesteroppgåve på 8000-10000 ord.
Godkjent av: 
Arne Myklebust