Semestre

REP201 Reportasjearbeid i framand kultur

Emnekode: 
REP201
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
Krav til forkunnskapar

Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil karakteren i JOU111 bli lagt til grunn. Ved like resultat vil studentane sine opptakspoeng til studieprogrammet vere avgjerande for rangeringa.

Om emnet

Dette emnet er både eit fagstudium i journalistikk og eit kulturstudium. Det er bygd opp rundt eit sju veker langt opphald i India eller i eit anna land utanfor Europa. Målsetjinga er todelt: Studentane skal både lære å arbeide journalistisk i ein framand kultur og dei skal få innsikt i kulturkunnskap, historie, samfunnsliv og mediesystem i det aktuelle landet. Det blir også lagt vekt på å etablere direkte kontakt med mediestudentar ved ein samarbeidande institusjon i landet, både for å få djupare innsikt i kultur og samfunnsliv og for å få tips og hjelp i arbeidet med eksamensreportasjen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • innsikt i korleis ein arbeider journalistisk i ein framand kultur
  • kunnskap om kulturforståing
  • ​politisk, kulturell og historisk kunnskap om ein framand kultur
Ferdigheiter

Studenten kan

  • arbeide journalistisk i ein framand kultur
  • lage reportasjar med tema frå andre kulturar
Generell kompetanse

Studenten kan 

  • reflektere rundt og vere kritisk til korleis framande kulturar vert framstilt i media
  • arbeide og ta seg fram i framande og utfordrande miljø
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet blir arrangert i samarbeid med eit universitet i utlandet, for tida Manipal University i India.

Studiet er delt inn i tre bolkar: 

  1. Omlag sju veker innføring ved Høgskulen i Volda.
  2. Omlag sju veker i India. Avreise ca 1. oktober, retur ca 20. november. I første del av opphaldet vil det vere felles program for heile gruppa. Dei siste vekene vil studentane kunne gjennomføre eige opplegg i India i samband med eksamensreportasjen. 
  3. ​Omlag tre veker etterarbeid ved Høgskulen i Volda. 

Undervisninga i Volda og India er gjennom forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes gruppearbeid, presentasjonar og oppgåveskriving.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking. 

Arbeidskrav: 

  1. Inntil to skriftlege oppgåver, som skal presenterast munnleg
  2. Notat om eksamensproduksjonen (reportasjen)
  3. Publisering av journalistiske innlegg på eigen blogg
  4. Evaluering av emnet

  Vurdering av arbeidskravrbeidskrav: Godkjent/ikkje godkjent. 

Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • organisering 
  • omfang 
  • frist 
Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
12
Emneansvarleg: 
Hans Martin Dypvik
Materialavgift

Deltakarane på dette emnet dekkjer sjølv reise og opphaldskostnadene, samt utgifter til vaksiner og reiseforsikring. Det er eit krav at deltakarane har tatt dei naudsynte vaksinene og har reiseforsikring.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Produkt/produksjon
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Reportasje frå aktuelt land med metoderapport.
Omfanget av reportasjen skal avtalast med faglærar før avreise.
Metoderapport på om lag 3000 ord.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Tema for munnleg eksamen er reportasjen med metoderapport, og pensum.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn