Semesters
REP201 Reportasjearbeid i framand kultur
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil karakteren i JOU111 bli lagt til grunn. Ved like resultat vil studentane sine opptakspoeng til studieprogrammet vere avgjerande for rangeringa.
Dette emnet er både eit fagstudium i journalistikk og eit kulturstudium. Det er bygd opp rundt eit sju veker langt opphald i India eller i eit anna land utanfor Europa. Målsetjinga er todelt: Studentane skal både lære å arbeide journalistisk i ein framand kultur og dei skal få innsikt i kulturkunnskap, historie, samfunnsliv og mediesystem i det aktuelle landet. Det blir også lagt vekt på å etablere direkte kontakt med mediestudentar ved ein samarbeidande institusjon i landet, både for å få djupare innsikt i kultur og samfunnsliv og for å få tips og hjelp i arbeidet med eksamensreportasjen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- innsikt i korleis ein arbeider journalistisk i ein framand kultur
- kunnskap om kulturforståing
- politisk, kulturell og historisk kunnskap om ein framand kultur
Studenten kan
- arbeide journalistisk i ein framand kultur
- lage reportasjar med tema frå andre kulturar
Studenten kan
- reflektere rundt og vere kritisk til korleis framande kulturar vert framstilt i media
- arbeide og ta seg fram i framande og utfordrande miljø
Studiet blir arrangert i samarbeid med eit universitet i utlandet, for tida Manipal University i India.
Studiet er delt inn i tre bolkar:
- Omlag sju veker innføring ved Høgskulen i Volda.
- Omlag sju veker i India. Avreise ca 1. oktober, retur ca 20. november. I første del av opphaldet vil det vere felles program for heile gruppa. Dei siste vekene vil studentane kunne gjennomføre eige opplegg i India i samband med eksamensreportasjen.
- Omlag tre veker etterarbeid ved Høgskulen i Volda.
Undervisninga i Volda og India er gjennom forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes gruppearbeid, presentasjonar og oppgåveskriving.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- Inntil to skriftlege oppgåver, som skal presenterast munnleg
- Notat om eksamensproduksjonen (reportasjen)
- Publisering av journalistiske innlegg på eigen blogg
- Evaluering av emnet
Vurdering av arbeidskravrbeidskrav: Godkjent/ikkje godkjent.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- organisering
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Deltakarane på dette emnet dekkjer sjølv reise og opphaldskostnadene, samt utgifter til vaksiner og reiseforsikring. Det er eit krav at deltakarane har tatt dei naudsynte vaksinene og har reiseforsikring.
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Reportasje frå aktuelt land med metoderapport. | Omfanget av reportasjen skal avtalast med faglærar før avreise. Metoderapport på om lag 3000 ord. | |
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Tema for munnleg eksamen er reportasjen med metoderapport, og pensum. |