Semestre
RUS302 Tiltak mot rusproblem
Ingen
I Tiltak mot rusproblem vert det, med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap, fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
Kurset er delt inn i tre hovudtema:
Tema 1) Grunnlagsspørsmål
- forståingsmodellar
- etikk og brukarperspektiv
- juridiske rettar
- organisasjonsstrukturen på rusfeltet
Tema 2) Tilnærmingsmåtar
- behandlingsmodellar
- lågterskeltiltak
Tema 3) Særskilde tiltak
- tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
- legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- motiverande samtale (MI)
- rus og psykisk liding (ROP)
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha inngåande kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
- ha omfattande kunnskap om ulike behandlingsmodellar
- ha inngåande kunnskap om organisering av hjelpetenester på ulike nivå
- kunne oppdatere kunnskapen sin på desse områda
Studenten skal ha
- inngåande ferdigheiter i å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar sine rusproblem
- omfattande ferdigheiter til å ta i bruk relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap i utføringa av sitt arbeid med ulike rusfaglege problemstillingar i samarbeid med brukar og pårørande
Studenten skal kunne
- analysere og reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk på som han eller ho møter i yrkessamanheng
- analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Undervisninga skjer i klasserom ved oppmøte ved Høgskuklen i Volda. Meir informasjon kan du finne i studiekatalogen.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.
Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar ligg her.
Frammøte
Det er krav om deltaking på to av tre samlingar (eller 65 prosent av tida på samlingane).
Arbeidskrav
- Skriftleg kasusbasert oppgåve.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Barnevernsarbeid - master (deltid)
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle. | Maksimum 3000 ord |