Semestre
SAFE151 Strukturelle vilkår for profesjonsutøving
Ingen.
Emnet legg vekt på å opparbeide kunnskap om sosialt arbeid sin plass i samfunnet og samfunnsinstitusjonane sin påverknad på sosialt arbeid. Profesjonsutøving har ein sentral plass i forvaltning av gode og verdiar i velferdssamfunnet. Utøvinga av sosialt arbeid går ofte føre seg i offentlege institusjonar, og alltid innanfor juridiske, organisatoriske og politiske strukturar.
Sosialarbeidaren er ofte i rolla som bakkebyråkrat, med mynde til å avgjere tildeling av gode til menneske som står overfor sosiale problem. Dei kanskje tydelegaste rammene finst i lovverk og rettssystem, som legg føringar på korleis profesjonsutøvinga i velferdssektoren kan og skal utførast for å sikre brukarane sine rettar. Samtidig set politiske modellar og mål grenser for kva verktøy ein har tilgjengeleg til å gi hjelp. Men også dei meir utydelege maktstrukturane i og mellom organisasjonar, der ulike profesjonar arbeider, påverkar handlingsrommet. Desse strukturane utgjer system av rammer som legg føringar (vilkår) på korleis sosialt arbeid kan utøvast: Rammene gir moglegheiter, men set også grenser for kva handlingsrom sosialarbeidaren har til å gi hjelp.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har grunnleggande kunnskap om velferdsstaten og ansvars- og oppgåvefordelinga i velferdsstaten
- Har kunnskap om lover si grunnleggande tyding som strukturell ramme og kjennskap til sentrale rettsområde
- Har kunnskap om strukturar og profesjonar i velferdsforvaltninga
- Har kunnskap om velferdspolitiske mål og verkemidlar
- Har forståing for tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid
- Har grunnleggande kunnskap om korleis organisasjonar fungerer og teoriar om dette
- Har kjennskap til ulike velferdsmodellar
- Har kjennskap til samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor
- Har kjennskap til vitskapsteori og samfunnsvitskapleg forskingsmetode
Studenten:
- Kan arbeide i grupper som planlegg, gjennomfører og evaluerer fagleg arbeid
- Kan skrive enkle akademiske tekster med rett kjeldebruk og god struktur
- Kan hente inn og vurdere relevant informasjon, som vitskapleg kunnskap, juridiske og politiske vilkår i ein praktisk samanheng
Studenten:
- Har kunnskap om strukturar som bidreg til makt og kontroll
- Har kunnskap om politiske og administrative beslutningsprosessar
- Kan presentere og delta i diskusjonar om institusjonelle, juridiske og politiske krav i yrkesfeltet, skriftleg og munnleg
I emnet vert det brukt fleire arbeidsmåtar; førelesingar, sjølvstudiar, ekskursjon, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid.
Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til velferdsteori, sosiologi, profesjonsteori, stats- og kommunalkunnskap og jus. Arbeidskrava vert gjennomført både skriftleg og munnleg, og i ein kombinasjon av gruppearbeid og individuelt arbeid. Arbeidskrava skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Kandidaten vel sjølv om eksamenssvaret vert skrive på norsk eller engelsk. | Lovsamling eller Lovdata. |