Semestre

SASOS121 Individretta emne og organisasjonskunnskap

Emnekode: 
SASOS121
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SASOS111/SAF111. Godkjende arbeidskrav i SASOS112/SAF112

Om emnet

Emnet har som mål å gi studentane ei nærare forståing av individuell utvikling i samspel med familie, ulike grupper, sosiale nettverk og samfunnsmessige vilkår. Studentane skal få kunnskap om sjukdoms- og helsebiletet i samfunnet. Vidare har emnet som mål å gi studentane innsikt i korleis organisasjonar og nettverk fungerer og deira funksjon i samfunnet. Barnevernspedagogstudentane (BVP) og sosionomstudentane (SOS) er i samla klasse det meste av undervisningstida, men skil lag i tema pediatri og gerontologi.

Innhald:

  • utviklingspsykologi
  • sosialmedisin
  • organisasjonskunnskap
  • spesialpedagogikk
  • pediatri (BVP)
  • gerontologi (SOS)
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • ulike teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
  • individet si fungering i grupper og nettverk
  • organisasjonar, grupper og nettverk sin rolle i samfunnet
  • korleis individ og nettverk gjensidig blir påverka av kvarandre
  • samfunnsforholda sin betydning for helsebiletet

 

 

Ferdigheiter
  • å analysere ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
  • å analysere korleis individ og nettverk gjensidig blir påverka av kvarandre
  • å analysere grupper, nettverk og organisasjonar og deira rolle i samfunnet
  • å legge til rette for inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk for å fremme helse og normalutvikling
Generell kompetanse
  • kunne analysere og forstå barn, unge og deira familiar sine vilkår for deltaking og utvikling og den konteksten deltakinga skal foregå innanfor
  • kunne legge til rette for utsette menneske sin deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
  • kunne reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga blir organisert som blokkundervisning.

Deltakinga på undervisningsaktivitetane vert rekna for heile emnet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

(må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen):

  • Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar.

Arbeidskravet må vere godkjent til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.

Maksimumstal: 
120
Emneansvarleg: 
Vidar Kjetil Myklebust
Bente Hasle
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SAF121/SABVP121
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.04.2016