Semestre
SASOS235 Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve
SASOS125 og godkjende arbeidskrav i SASOS131
I det avsluttande emnet i bachelorutdanning i sosialt arbeid - sosionom er målet at tilført ny kunnskap skal medverke til integrasjon av tidlegare kunnskap. Det er eit mål å sjå profesjonsrolla i lys av faglege utfordringar som menneske med særskilte hjelpebehov har, og dei bidrag sosionomen kan gi i tverrprofesjonell samhandling. Studenten skal gjennom kunnskap i dette emnet vere i stand til å løfte fram, begrepsfeste og setje yrkesrelevante problemstillingar inn i teoretiske og praktiske perspektiv, og gjennom dette utvikle og vise analytisk kompetanse, kritisk og etisk refleksjon.
Innhald:
- Administrasjon og leiing
- Sosionomfaglege perspektiv
- Juridiske emne: rettar og tvang i velferdsretten, arbeidsrett
- Kommunikasjon, samhandling og konflikthandtering
- Planlegging
- Psykisk helsearbeid
- Re-/habilitering
- Rusrelatert arbeid
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- nyare forsking om menneske i sårbare livssituasjonar som er relevant for yrkesutøvinga
- re-/habilitering, rusbehandling og psykisk helsearbeid, og verdien av tverrfagleg samarbeid
- rettsreglar for behandling og tvang
- planleggingsteori, med særleg vekt på kommunane sine utfordringar
- administrasjon og leiing med særleg vekt på tenester for barn, unge og menneske med samansette behov
Studenten skal ha ferdigheiter i:
- å avdekke særskilte behov i møte med menneske, og bruke relevante perspektiv for å hjelpe og fremje meistring hos brukar
- å reflektere etisk og fagleg over aktuelle problemstillingar, og gjere juridiske vurderingar
- å utøve fagleg skjøn i yrkessituasjonar
- samarbeid, konflikthandtering og å arbeide prosessorientert
- å planlegge og gjennomføre eit prosjekt med bacheloroppgåve
- å presentere eige prosjekt med bacheloroppgåva skriftleg og munnleg
Studenten skal kunne:
- vise toleranse og ikkje-dømande haldning i møte med menneske i sårbare situasjonar
- ha god forståing for rolla som sosionomen har i hjelpeapparatet og dei rettsreglane som regulerer yrkesutøvinga
- bruke teoretiske og praktiske perspektiv til å forstå og handtere yrkesrelevante problemstillingar og utfordringar
- reflektere kritisk med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
- vise god fagleg formidlingsevne
Førelesingar, gruppeaktivitet, seminar, rettleiing og sjølvstudium.
Eit sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåve inngår i emnet.
Det vert stilt særskilde frammøtekrav til obligatoriske seminaraktivitetar. Ved semesterstart vert det gitt nærare informasjon om seminaraktivitetane og frammøtekrav. Informasjonen blir gitt i Canvas.
Arbeidskrav som må vere gjennomførte og godkjente:
- Gruppebaserte arbeidskrav
- Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere oppmøte i samsvar med krav som vert spesifisert i semesterplanen i Canvas.
Alle arbeidskrav skal skrivast på norsk.
Obligatorisk frammøte:
- Det vil gå fram av undervisningsplanar i Canvas kva delar av undervisninga som er obligatorisk.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | om lag 9000 ord +/- 10% | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | I den munnlege eksaminasjonen inngår spørsmål frå pensum i emnet og samtale om bacheloroppgåva. Kandidaten si evne til å underbyggje svar med kunnskap frå heile studiet vert lagt vekt på. Studenten vel sjølv om den munnlege eksamenen vert halde på norsk eller engelsk. |
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.