Semestre

SASOS235 Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve

Emnekode: 
SASOS235
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SASOS125 og godkjende arbeidskrav i SASOS131

Om emnet

I det avsluttande emnet i bachelorutdanning i sosialt arbeid - sosionom er målet at tilført ny kunnskap skal medverke til integrasjon av tidlegare kunnskap. Det er eit mål å sjå profesjonsrolla i lys av faglege utfordringar som menneske med særskilte hjelpebehov har, og dei bidrag sosionomen kan gi i tverrprofesjonell samhandling. Studenten skal gjennom kunnskap i dette emnet vere i stand til å løfte fram, begrepsfeste og setje yrkesrelevante problemstillingar inn i teoretiske og praktiske perspektiv, og gjennom dette utvikle og vise analytisk kompetanse, kritisk og etisk refleksjon.

Innhald:

  • Administrasjon og leiing
  • Sosionomfaglege perspektiv
  • Juridiske emne: rettar og tvang i velferdsretten, arbeidsrett
  • Kommunikasjon, samhandling og konflikthandtering
  • Planlegging
  • Psykisk helsearbeid
  • Re-/habilitering
  • Rusrelatert arbeid
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • nyare forsking om menneske i sårbare livssituasjonar som er relevant for yrkesutøvinga
  • re-/habilitering, rusbehandling og psykisk helsearbeid, og verdien av tverrfagleg samarbeid
  • rettsreglar for behandling og tvang
  • planleggingsteori, med særleg vekt på kommunane sine utfordringar
  • administrasjon og leiing med særleg vekt på tenester for barn, unge og menneske med samansette behov
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i:

  • å avdekke særskilte behov i møte med menneske, og bruke relevante perspektiv for å hjelpe og fremje meistring hos brukar
  • å reflektere etisk og fagleg over aktuelle problemstillingar, og gjere juridiske vurderingar
  • å utøve fagleg skjøn i yrkessituasjonar
  • samarbeid, konflikthandtering og å arbeide prosessorientert
  • å planlegge og gjennomføre eit prosjekt med bacheloroppgåve
  • å presentere eige prosjekt med bacheloroppgåva skriftleg og munnleg
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • vise toleranse og ikkje-dømande haldning i møte med menneske i sårbare situasjonar
  • ha god forståing for rolla som sosionomen har i hjelpeapparatet og dei rettsreglane som regulerer yrkesutøvinga
  • bruke teoretiske og praktiske perspektiv til å forstå og handtere yrkesrelevante problemstillingar og utfordringar
  • reflektere kritisk med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
  • vise god fagleg formidlingsevne

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, gruppeaktivitet, seminar, rettleiing og sjølvstudium.

Eit sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåve inngår i emnet.

Det vert stilt særskilde frammøtekrav til obligatoriske seminaraktivitetar. Ved semesterstart vert det gitt nærare informasjon om seminaraktivitetane og frammøtekrav. Informasjonen blir gitt i Canvas. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav som må vere gjennomførte og godkjente:

  1. Gruppebaserte arbeidskrav
  2. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere oppmøte i samsvar med krav som vert spesifisert i semesterplanen i Canvas.  

 

Obligatorisk frammøte:

  1. Det vil gå fram av undervisningsplanar i Canvas kva delar av undervisninga som er obligatorisk. 
Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Vidar Kjetil Myklebust
Roar Stokken
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Bacheloroppgåva må ha karakteren E eller betre for at studenten kan framstille seg til munnleg eksamen.
Eksamensspråk: norsk eller engelsk
om lag 9000 ord +/-
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
I den munnlege eksaminasjonen inngår spørsmål frå pensum i emnet og samtale om bacheloroppgåva. Kandidaten si evne til å underbyggje svar med kunnskap frå heile studiet vert lagt vekt på.
Eksamensspråk: norsk eller engelsk
Godkjent av: 
Randi Bergem 05.10.2020