Semestre

SASOS235 Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve

Emnekode: 
SASOS235
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SASOS111, SASOS112, SASOS121, SASOS122, SASOS125 og godkjende arbeidskrav i SASOS131.

Om emnet

I det avsluttande emnet i bachelorutdanning i sosialt arbeid - sosionom er det eit mål at tilført ny kunnskap skal medverke til integrasjon av tidlegare kunnskap. Det er eit mål å sjå profesjonsrolle i lys av faglege utfordringar som menneske med særskilte hjelpebehov har, og dei bidrag sosionomen kan gi i tverrprofesjonell samhandling. Studenten skal gjennom kunnskap i dette emnet vere i stand til å løfte fram, begrepsfeste og setje yrkesrelevante problemstillingar inn i teoretiske og praktiske perspektiv, og gjennom dette utvikle og vise analytisk kompetanse, kritisk og etisk refleksjon.

Innhald:

  • Administrasjon og leiing
  • Sosionomfaglege perspektiv
  • Juridiske emne: rettar og tvang i velferdsretten, arbeidsrett
  • Kommunikasjon, samhandling og konflikthandtering
  • Planlegging
  • Psykisk helsearbeid
  • Rehabilitering
  • Rusrelatert arbeid
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal kunne:

  • gjere greie for nyare kunnskap og forsking om menneske i sårbare livssituasjonar relevant for yrkesutøving
  • gjere greie for utdjupande kunnskap om rehabilitering, rusbehandling og psykisk helsearbeid og betydninga av samarbeid, både med andre profesjonelle, klientar og pårørande
  • bruke rettsreglar knytt til behandling og tvang,  og gjere greie for rettreglar i arbeidslivet
  • gjere greie for planleggingsteori, med særskilt vekt på kommunane sine utfordringar
  • forklare administrasjon og leiing med særskilt vekt på tenester for menneske med samansette behov
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • vere analytisk når ein møter menneske med særskilte behov og kunne setje desse inn i relevante perspektiv for hjelp og meistring
  • vise etisk og fagleg refleksjonsdugleik over aktuelle problemstillingar, herunder juridiske vurderingar
  • viseføresetnader for utøving av godt fagleg skjøn i yrkessituasjonar
  • samhandle med andre, både profesjonelle, klientar og pårørande
  • handtere konfliktar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • vise toleranse og ikkje-dømande haldning i møte med menneske i sårbare situasjonar
  • ha god forståing for og reflektere over sosionomen si rolle i hjelpeapparatet og dei rettsreglar som regulerer yrkesutøvinga
  • setje yrkesrelevante problemstillingar og utfordringar inn i teoretiske og praktiske perspektiv
  • reflektere kritisk med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
  • syne god fagleg formidlingsevne
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar og sjølvstudium.

Eit sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåve inngår i emnet. Nærare retningslinjer om omtale i semesterplanen.

Deler av pensum er sjølvvalt litteratur. Omfang, kriterier og pensum vil gå fram av semesterplan.

Deltaking vert rekna for heile emnet med unntak av gruppebasert framlegg på seminar i yrkesfagleg veke og studentstyrt artikkelseminar, der deltakinga vert rekna for seg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav som må vere gjennomførte og godkjente:

  1. Gruppebasert arbeid
  2. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar.

Obligatorisk frammøte:

  1. gruppebasert framlegg på seminar i yrkesfagleg veke
  2. studentstyrt artikkelseminar
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Jan Einar Flø
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
om lag 9000 ord
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Munnleg justerande eksamen. Bacheloroppgåva må ha karakteren E eller betre for at studenten kan framstille seg til munnleg eksamen. Til munnleg skal det inngå spørsmål knytt til pensum (inkludert sjøvvald pensum) frå 3. studieåret, og elles prøving av bacheloroppgåva. Det vil og bli lagt vekt på studenten si evne til å trekkje vekslar på kunnskap i studiet elles.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 10.10.17