Semestre

SKR304 Nynorsk samtidslitteratur

Emnekode: 
SKR304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Contemporary Nynorsk Literature
Emnenavn på bokmål: 
Nynorsk samtidslitteratur
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Studenten må ha fullført det eine av dei to emna SKR301 Skriftkulturar og SKR302 Vitskapsteori og metode.

Om emnet

I dette emnet tek vi for oss eit utval nynorsk fiksjonslitteratur og sakprosa frå dei siste tiåra – med forholdet mellom tekst, historie og skriftkultur som overordna perspektiv. SKR304 byggjer såleis vidare på kunnskapar frå dei obligatoriske innføringsemna. 

Ei tradisjonell førestilling om «nynorsk» er at litteraturen som er skriven på dette språket, er vendt mot fortid og bygdeliv, i motsetning til det notidige og urbane. Tekstane vi arbeider med i dette emnet, er henta frå vår eiga tid, samstundes som alle har eit blikk på fortida. Men kva slags blikk er det, og korleis kjem det til uttrykk, formelt og tematisk? Korleis koplar nynorsk samtidslitteratur mellom notid og fortid, og kva slags forståing av ‘historie’ kjem til uttrykk i denne koplinga? I kva grad ser den nynorske samtidslitteraturen seg sjølv som del av ein motkultur eller ein spesifikt nynorsk litterær tradisjon? Spørsmåla om historisitet og om samtidas nynorske, litterære skriftkultur grip såleis over i kvarandre og vil stå sentralt i arbeidet med pensumtekstane.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om nynorsk samtidslitteratur i eit skriftkulturelt perspektiv
  • har inngåande kunnskap om korleis nynorske tekstar frå samtida koplar mellom notid og fortid
  • har inngåande kunnskap om korleis det historiske ved ein tekst kjem til uttrykk formelt og tematisk
Ferdigheiter

Kandidaten   

  • kan gjere greie for tematiske og formelle sider ved nynorsk samtidslitteratur
  • kan drøfte og analysere nynorsk samtidslitteratur i eit historisk og kulturelt perspektiv
  • kan reflektere kritisk over relevant faglitteratur
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan byggje opp ein fagleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
  • kan bruke og vise til relevant kjeldemateriale i tråd med vitskaplege krav
  • kan skrive klar og presis akademisk sakprosa på korrekt norsk.   
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gjeve gjennom tre vekessamlingar med førelesingar, dialog, prosessarbeid, studentpresentasjonar og seminar. Studentens arbeid med semesteroppgåva er ein sentral del av studiet. Han/ho får tilbakemelding frå rettleiar på framlegg til oppgåveemne, problemstilling og munnleg presentasjon av prosjektet. Studenten får deretter individuell rettleiing på eit obligatorisk utkast til semesteroppgåva. For å oppnå interaktiv læring mellom samlingane, kommuniserer vi med studentane via læringsplattforma Canvas, der vi legg ut fagstoff, oppgåver og opprettar faglege diskusjonsforum.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Undervisninga er ikkje obligatorisk, men vi rår sterkt til at studenten møter godt budd til all undervisning.

Arbeidskrav:

Emnet har tre arbeidskrav:

  1. Studenten leverer forslag til oppgåveemne, problemstilling og ein grov disposisjon for semesteroppgåva innan ein fastsett frist. Oppgåveval og problemstilling skal godkjennast av faglærar.
  2. Kvar student skal gje ein munnleg presentasjon av oppgåveprosjektet sitt, med påfølgjande respons frå faglærar og medstudentar.
  3. Studenten skal innan ein fastsett frist levere eit utkast til semesteroppgåva på minst 2000 ord.
Minimumstal: 
3
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Anemari Neple
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skriftkulturar - master
  • Skriftkulturar - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Semesteroppgåva skal skrivast på norsk (dvs. valfritt bokmål eller nynorsk).
Semesteroppgåve på 5000 ord +/÷ 10 prosent. Litteraturliste og ev. noteapparat kjem i tillegg.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Arne Myklebust