Semestre

SKR305 Skrift og fridom i den engelskspråklege verda

Emnekode: 
SKR305
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Studenten må ha fullført det eine av dei to emna SKR301 Skriftkulturar og SKR302 Vitskapsteori og metode.

Om emnet

Valemnet SKR305 dreier seg om temaet fridom. Dette temaet blir utforska gjennom å studere korleis skrift i tida etter 1780 skaper kulturelle og sosiale nettverk med fridom som mål. Emnet synleggjer korleis skriftkulturelle utviklingsprosessar kan bli prega av både konflikt, motstand og samspel mellom dominerande kulturar og sub- og motkulturar. I tillegg ser emnet på korleis desse spenningane utfaldar seg i skrift kontra andre medium, slik som visuelle, musikalske og munnlege kulturuttrykk.

Emnet, som er tverrfagleg, omfattar både humanistiske og samfunnsvitskaplege innfallsvinklar, og ser til dømes på politiske dokument, lovtekstar, skjønnlitteratur, brev, songtekstar, kommunikasjon på internett, samansette tekstar og omsette tekstar. Emnet har eit komparativt perspektiv som bygger vidare på dei obligatoriske emna, og det vil sjå engelskspråklege tekstar i lys av problematikkar som gjeld nynorsk skriftkultur.

Formålet med å studere desse tekstane er å utforske korleis idear om fridom blir til i – og påverkar – ulike skriftkulturar. Medium, sosial klasse, kjønn, seksuell identitet, etnisitet, nasjonalitet, tilgang til internett og grad av lese- og skrivekunne er blant faktorane som har innverknad på desse prosessane, og som vil bli sentrale moment i emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har godt innsyn i ulike fridomshistoriske prosessar og samanhengar i perioden etter 1780
  • har inngåande kunnskap om samanhengen mellom skrift og fridom for dominerande og undertrykte etnisitetar, klassar og kjønn
  • har kunnskap om forholdet mellom skrift og fridom i den engelskspråklege verda
  • har inngåande kunnskap om korleis skrifter i ulike sjangrar og medium fungerer formelt og kulturelt
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan reflektere over samanhengen mellom skrift, makt og fridom
  • kan gjere greie for og vurdere korleis historiske og samfunnsmessige tilhøve påverkar – og blir påverka av – skrift
  • kan med grunnlag i dei obligatoriske emna samanlikne engelskspråklege former for skriftkultur med skandinaviske
  • kjenner til og kan analysere formelle, stilistiske og mediale rammeverk for skrift
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan byggje opp ein fagleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
  • kan bruke og vise til relevant kjeldemateriale i tråd med vitskaplege krav
  • kan skrive klar og presis akademisk sakprosa på korrekt engelsk   
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet blir det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og individuell rettleiing. Undervisninga er organisert som samlingar. Den første todagarssamlinga er fysisk ved Høgskulen i Volda, og frammøte til denne er obligatorisk. Dei andre samlingane vil vere digitale. For å oppnå interaktiv læring mellom samlingane, kommuniserer vi med studentane via læringsplattforma Canvas, der vi legg ut fagstoff, oppgåver og liknande.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 75 % frammøte til all fysisk undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6 Den digitale undervisninga er ikkje obligatorisk, men vi rår sterkt til at studenten møter godt budd til all undervisning.

Arbeidskrav:

Emnet har tre arbeidskrav:

  1. Studenten leverer forslag til oppgåveemne, problemstilling og ein grov disposisjon for semesteroppgåva innan ein fastsett frist. Oppgåveval og problemstilling skal godkjennast av faglærar.
  2. Kvar student skal gje ein munnleg presentasjon av oppgåveprosjektet sitt, med påfølgjande respons frå faglærar og medstudentar.
  3. Studenten skal innan ein fastsett frist levere eit utkast til semesteroppgåva på minst 2000 ord.
Sensorordning
Minimumstal: 
3
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Marie Nedregotten Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skriftkulturar - master
  • Skriftkulturar - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Semesteroppgåva skal skrivast på engelsk.
Semesteroppgåve på 5000 ord +/÷ 10 prosent. Litteraturliste og eventuelt noteapparat kjem i tillegg.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Arne Myklebust