Semestre
SOS152 Folkehelse, migrasjon og marginalisering
Pensum går fram av eiga pensumliste for emnet.
Bestått arbeidskrav på SOS151
Emnet handlar om strukturelle maktforhold og prosessar i samfunnet relatert til klasse, kjønn, migrasjon og ulike minoritetsposisjonar, og innsikt i risikoen for marginalisering og diskriminering er særleg sentralt i emnet.
Emnet består av tre modular:
I den første modulen i emnet er folkehelse - og forebyggingsperspektiv sentralt. Her skal studenten tileigne seg kunnskap om korleis sosiale forhold som levekår, utdanning, arbeid og økonomi har samanheng med helse. Studenten skal vite kva folkehelse og forebygging er, og kjenne til ulike strategiar i folkehelsearbeidet og forebyggande arbeid. Det vert lagt vekt på korleis sosionomen kan bidra til empowerment og meistring på sentrale område, som til dømes rusforebygging og kriminalitetsforebygging.
Den andre modulen i emnet er eit praksisstudium, der studenten skal delta i fire vekers praksis på yrkesarenaer, der fagfolk og brukarar møtest. Gjennom deltaking og observasjon skal studenten få erfaringar frå yrkesfelt, der sosialt arbeid er aktuelt. Ved å observere, notere, analysere og reflektere rundt opplevingar og erfaringar frå praksis, skal studenten bli kjend med arbeidskvardagen til fagfolk og brukarar sine behov. Studenten sin sjølvrefleksjon rundt eigne reaksjonar, følelsar og tankar i møte med yrkesfeltet.,er sentralt.
I den tredje modulen skal studenten tileigne seg kunnskap om migrasjon og flukt som fenomen og prosessar, og om marginalisering og diskriminering som innvandrarar og flyktningar kan oppleve. Studenten vil også lære om andre minoritetsposisjonar i samfunnet, og om risikoen for diskriminering blant urfolk, nasjonale minoritetar, ulike former for seksuell orientering og funksjonsnedsetting. Det vert lagt vekt på forståing for korleis kultur, ulikskap og makt verkar i relasjonar, og kva som kjenneteiknar makt- og kultursensitiv praksis.
Marginalisering og diskriminering på bakgrunn av kjønn og klasse vert tematisert som eit gjennomgåande perspektiv. Det sentrale er utvikling av kunnskap om korleis marginaliserings- og diskrimineringsmekanismar i samfunnet verkar, derunder korleis kunnskapen kan virke inn på eigne haldningar og yrkesutøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- marginaliserings- og diskrimineringsprosessar knytt til m.a. sosial klasse, kjønn, migrasjon, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet og alder
- folkehelsearbeid og forebyggande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå, og om kva risiko- og beskyttelsesfaktorar som påverkar helse, meistring og livskvalitet
- kva betydning levekår, helse, arbeid og sosial inkludering har i ulike livsfasar, og om samspelet mellom helseutfordringar og sosiale problem
- korleis helsemessige, sosiale og sosioøkonomiske utfordringar har konsekvensar for den enkelte og for familiar
- ulike sosialfaglege arbeidsmåtar som fremmer meistring, myndiggjering og empowerment
- ulike sider ved profesjonell yrkesrolle og tverrprofesjonelt samarbeid
- etiske og vitskapsteoretiske spørsmål i sosialt arbeid
- diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet og alder
- migrasjon, akkulturasjon- og inkluderingsprosessar
- urfolk, etniske minoritetar og flyktningar sin livssituasjon og rettar
Studenten kan:
- kommunisere og samhandle med brukarar og kollegaer
- beskrive eigne erfaringar, følelsar og tankar i samband med praksis, og reflektere over desse
- observere, analysere og beskrive samhandling i yrkesfeltet
- bruke fagomgrep og faglitteratur til å drøfte fenomen som er sentrale i sosialt arbeid, og kan kommunisere og samhandle med brukarar og kollegaer, gje og ta imot tilbakemeldingar på eigne og andre sine haldningar og arbeid
- samarbeide med andre om skriftlege og praktiske arbeid
- analysere fagartiklar og praksisnære kasus
- identifisere og forebygge marginalisering og diskriminering
- identifisere og utøve kultur- og maktsensitivitet i sosialt arbeid
Studenten:
- har innsikt i forhold som bidreg til sosial ulikskap og diskriminering, og kan fremme sosial rettferd, ikkje-diskriminerande praksis og eit inkluderande samfunn i lag med menneske i utsette posisjoner
- kan vise grunnleggjande interesse, toleranse og respekt for menneske i ulike situasjonar, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting og seksuell orientering
- kan analysere, dokumentere og formidle faglege vurderingar, munnleg og skriftleg
- kan reflektere over etiske utfordringar i profesjonsutøving, og handle på ein etisk forsvarleg måte i møte med andre
- reflektere over, analysere og beskrive eigne erfaringar, følelsar og tankar i samband med praksis
- anvende fagleg kunnskap om sosial ulikskap og kulturelt mangfald til å utøve makt- og kultursensitiv tilnærming i tenesteutøvinga
- kan reflektere over korleis strukturelle forhold påverkar yrkesutøvinga
I emnet vert det tatt i bruk varierte arbeidsformer som praksis, problembasert læring i grupper, skriftlege og praktiske arbeidskrav, førelesing og seminar.
Det vert lagt opp til seminarbaserte undervisnings- og læringsformer, der studentane skal utvikle analytiske ferdigheiter gjennom analyse av fagtekst og praksisnære kasus, og samarbeide om skriftleg og praktisk arbeid. I praksis skal studentane, gjennom ferdigheitstrening, utvikle innsikt i yrkesfeltet og seg sjølv som yrkesutøvar. Studentane skal lære om observasjon som metode, og analysere og beskrive samhandling og samarbeid i praksisfeltet for å realisere læringsutbytta.
For utfyllande informasjon om praksis; sjå "Retningsliner for klientretta praksisstudium ved utdanningane Bachelor i sosialt arbeid sosionom og Bachelor i sosialt arbeid barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda": https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/Retningsliner%20for%20klientretta%20praksis%2028.02.2020.pdf
Arbeidskrav:
- Individuelt refleksjonsnotat etter praksis
- Credo; intervju av medstudent, og fagleg refleksjonssamtale med rettleiar
- Praksisgjennomføring, jf Retningsliner for klientretta praksisstudium
Arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende innan fristen, for å kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk deltakingsplikt:
1. Seminar om oppgåveskriving
2. Kasus- og artikkelanalyse med deltaking på seminar
På desse to seminara må studenten ha eit samla frammøte på minimum 80 prosent, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6, 2. ledd.
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamensspråk: norsk eller engelsk. | 3500 ord |