Semestre

SOS152 Folkehelse, migrasjon og marginalisering

Emnekode: 
SOS152
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

Pensum går fram av eiga pensumliste for emnet.

Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet handlar om strukturelle maktforhold og prosessar i samfunnet relatert til klasse, kjønn, migrasjon og ulike minoritetsposisjonar. Innsikt i risikoen for marginalisering og diskriminering er særleg sentralt i emnet.

Emnet består av to modular: I den første modulen i emnet er folkehelse - og forebyggingsperspektiv sentralt. Her skal studenten tileigne seg kunnskap om korleis sosiale forhold som levekår, utdanning, arbeid og økonomi har samanheng med helse. Studenten skal vite kva folkehelse og forebygging er, og kjenne til ulike strategiar i folkehelsearbeidet og forebyggande arbeid. Det vert lagt vekt på korleis sosionomen kan bidra til empowerment og meistring på sentrale område, som til dømes rusforebygging og kriminalitetsforebygging.

I den andre modulen skal studenten tileigne seg kunnskap om migrasjon og flukt som fenomen og prosessar, og om marginalisering og diskriminering som innvandrarar og flyktningar kan oppleve. Studenten vil også lære om andre minoritetsposisjonar i samfunnet, og om risikoen for diskriminering blant urfolk, nasjonale minoritetar, ulike former for seksuell orientering og funksjonsnedsetting. Det vert lagt vekt på forståing for korleis kultur, ulikskap og makt verkar i relasjonar, og kva som kjenneteiknar makt- og kultursensitiv praksis.

Marginalisering og diskriminering på bakgrunn av kjønn og klasse vert tematisert som eit gjennomgåande perspektiv. Det sentrale er utvikling av kunnskap om korleis marginaliserings- og diskrimineringsmekanismar i samfunnet verkar, derunder korleis kunnskapen kan verke inn på eigne haldningar og yrkesutøving.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • folkehelsearbeid og forebyggande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå, og om kva risiko- og beskyttelsesfaktorar som påverkar helse, meistring og livskvalitet
  • kva betydning levekår, helse, arbeid og sosial inkludering har i ulike livsfasar, og om samspelet mellom helseutfordringar og sosiale problem
  • korleis helsemessige, sosiale og sosioøkonomiske utfordringar har konsekvensar for den enkelte og for familiar
  • ulike sosialfaglege arbeidsmåtar som fremmer meistring, myndiggjering og empowerment
  • ulike sider ved profesjonell yrkesrolle og tverrprofesjonelt samarbeid
  • marginaliserings- og diskrimineringsprosessar knytt til m.a. sosial klasse, kjønn, migrasjon, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet og alder
  • migrasjon, akkulturasjon- og inkluderingsprosessar
  • urfolk, etniske minoritetar og flyktningar sin livssituasjon og rettar
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke fagomgrep og faglitteratur til å drøfte fenomen som er sentrale i sosialt arbeid, og kan kommunisere og samhandle med brukarar og kollegaer, gje og ta imot tilbakemeldingar på eigne og andre sine haldningar og arbeid
  • samarbeide med andre om skriftlege og praktiske arbeid
  • analysere fagartiklar og praksisnære kasus
  • identifisere og forebygge marginalisering og diskriminering
  • identifisere og utøve kultur- og maktsensitivitet i sosialt arbeid
Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i forhold som bidreg til sosial ulikskap og diskriminering, og kan fremme sosial rettferd, ikkje-diskriminerande praksis og eit inkluderande samfunn i lag med menneske i utsette posisjoner
  • kan vise grunnleggande interesse, toleranse og respekt for menneske i ulike situasjonar, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting og seksuell orientering
  • kan analysere, dokumentere og formidle faglege vurderingar, munnleg og skriftleg
  • kan anvende fagleg kunnskap om sosial ulikskap og kulturelt mangfald til å utøve makt- og kultursensitiv tilnærming i tenesteutøvinga
  • kan reflektere over korleis strukturelle forhold påverkar yrkesutøvinga
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det brukt varierte læringsformer som problembasert læring i grupper, skriftlege og praktiske arbeidskrav og seminar, i tillegg til førelesingar og sjølvstudium. I seminara skal studentane analysere fagtekst og praksisnære kasus, og få øving i å samarbeide om skriftleg og praktisk arbeid.

Emnet går parallelt med emne SOS158 Praksisstudiar sosionom, 16 dagar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  1. Innlevering av tekst til individuell rettleiing på eksamensoppgåva
  2. Deltaking på oppgåveseminar
  3. Deltaking på individuell rettleiing
  4. Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 % frammøte ved fysiske undervisingsaktivitetar
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Ellen Andenes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
3500 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem 11.04.2022