Semestre
SOS155 Psykologiske emne
Emnekode:
SOS155
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2021 Haust
Eksamenssemester:
2021 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Bestått eksamen SOS151
Om emnet
Emnet har som mål å gi studentane ei brei forståing av menneske si psykologiske, sosiale og fysiske utvikling, og av korleis dei samanhengane menneske til ei kvar tid er ein del av påverkar både utvikling og aktuell fungering.
Innhald:
- utviklingspsykologi
- sosialpsykologi
- gerontologi
- rusproblem
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Kandidaten:
- har brei kunnskap om sentrale teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
- har brei kunnskap om korleis individet fungerer i grupper og nettverk
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan analysere og reflektere over ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
- kan analysere og reflektere over korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
Generell kompetanse
Kandidaten:
- har innsikt i forhold som medverkar til god eller dårleg fungering
- kan leggje til rette for deltaking og utvikling, og er i stand til å analysere og ta omsyn til korleis kontekst spelar inn i slike prosessar
- kan leggje til rette for utsette menneske si deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
- kan reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga blir organisert som blokkundervisning.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Arbeidskrav
- Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande).
Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 prosent frammøte til undervisningsaktivitetar.
Arbeidskravet må vere gjennomført i samsvar med krav og føringar fastsett i semesterplanen.
Arbeidskravet skal skrivast på norsk.
Sensorordning
Evaluering og kvalitetssikring
Maksimumstal:
60
Emneansvarleg:
Vidar Kjetil Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk. |
Godkjent av:
Randi Bergem 22.03.2021