Semestre

SOS155 Psykologiske emne

Emnekode: 
SOS155
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
SOS151 Introduksjon til sosialt arbeid - sosionom
Om emnet

Emnet har som mål å gi studentane ei brei forståing av menneske si psykologiske, sosiale og fysiske utvikling, og av korleis dei samanhengane menneske til ei kvar tid er ein del av påverkar både utvikling og aktuell fungering.

Innhald:

  • utviklingspsykologi
  • sosialpsykologi
  • gerontologi
  • rusproblem
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har brei kunnskap om sentrale teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
  • har brei kunnskap om korleis individet fungerer i grupper og nettverk
  • har kunnskap om rus og avhengighet
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan analysere og reflektere over ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
  • kan analysere og reflektere over korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i forhold som medverkar til god eller dårleg fungering
  • kan leggje til rette for deltaking og utvikling, og er i stand til å analysere og ta omsyn til korleis kontekst spelar inn i slike prosessar
  • kan leggje til rette for utsette menneske si deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
  • kan reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga blir organisert som blokkundervisning.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  • Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). 
    ​Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 prosent frammøte til undervisningsaktivitetar.

Arbeidskravet må vere gjennomført i samsvar med krav og føringar fastsett i semesterplanen.

Arbeidskravet skal skrivast på norsk.

Obligatorisk frammøte:

For undervisingsaktivitetar som gjeld ferdigheitstrening er det krav om minimum 80 % frammøte. Dette gjeld følgjande undervisingsaktivitet:

  1. Deltaking på seminardag med ruskasus.
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Vidar Kjetil Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
Godkjent av: 
Randi Bergem 08.03.2022