Semestre
SOS156 Teori og arbeidsmåtar i sosialfagleg arbeid
Det er eit mål at studentane skal tileigne seg kunnskap og utvikle fagleg og metodisk kompetanse som gjer at dei kan forstå og utøve sosionomen sine yrkesfunksjonar. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet, og det blir lagt vekt på bevisstgjering av eige verdigrunnlag og eigne haldningar. Målet er utvikling av personleg kompetanse: ein kombinasjon av kunnskap, eigenskapar, haldningar og ferdigheiter er viktig for utøving av godt sosialt arbeid.
Sosionomen si yrkesrolle inneber utøving av omsorg, støtte, tenesteformidling og sosial kontroll. Relasjonell kompetanse er sentralt i yrkesrolla som sosionom. I dette semesteret vert det difor lagt vekt på øvingar som kan bidra til utvikling av god samarbeids- og relasjonskompetanse, som inneber å kunne etablere tillit og gode samarbeidsrelasjonar til brukarar, pårørande og andre hjelpetenester. I undervisninga vil dilemma kring skjøn og etisk refleksjon bli tematisert, og sett i samanheng med forståing for mandat, yrkesrolle, ulike teoretiske perspektiv og arbeidsmåtar.
Sosialt arbeid skjer i eit tverrfagleg landskap der det er nødvendig å samarbeide med andre tenesteytarar på ulike forvaltningsnivå for å skape gode løysingar for brukaren. Utvikling av tverrprofesjonell samhandlingskompetanse blir difor særskilt vektlagt dette semesteret.
Forvaltning av velferdstenester førset gode vurderingar som ivaretek brukarane sin rettstryggleik. Gjennom undervisning og gruppearbeid blir det lagt til rette for utvikling av god forvaltningskompetanse i arbeid med ulike metodiske og faglege utfordringar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har brei kunnskap om sosialt arbeid sitt teorigrunnlag, arbeidsmåtar og metode som rettar seg mot individ, familiar, grupper og samfunn
- Har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, og verdien av erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid
- Har kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling
- Har kunnskap om vilkår for meistring og utvikling gjennom heile livsløpet
- Har kunnskap om sosiale og helsemessige problem inkludert omsorgssvikt, vald, overgrep, rus- og sosioøkonomiske problem
- Har kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid
- Har kunnskap om sakshandsaming i Nav og i barnevernet
- Har kjennskap til ulike former for omsorgssvikt
- Har kjennskap til rehabilitering og habilitering
Studenten:
- Kan meistre ulike metodiske arbeidsmåtar på individ-, familie,-gruppe- og samfunnsnivå
- Kan beherske aktuelle metodar for kartlegging, dokumentasjon, analyse og avgjerd
- Kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid i samarbeid med brukarar og pårørande
- Kan samarbeide tverrfagleg i møte med menneske med behov for koordinerte tenester
- Kan beherske metode i samfunnsarbeid som fremmer makt, deltaking og representasjon
- Kan reflektere over eigen veremåte og kva innverknad denne har i samhandling med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar
Studenten:
- Har brei innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, profesjonsetikk og relevante etiske teoriar
- Har innsikt i tverrprofesjonelt samarbeid og bidra til tverrprofesjonelle perspektiv på tiltak for brukarane
- Kan utøve profesjonelt skjøn i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
- Kan analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar i arbeidet som sosionom
Undervisning, seminar, gruppearbeid og øvingar. Delar av undervisninga kan vere organisert felles for barnevernspedagogutdanninga og sosionomutdanninga.
Emnet inneheld både tradisjonelle forelesingar, seminar, gruppearbeid og øvingar, og læringsutbytte føreset studentaktivitet. Det er også felles læringsaktivitetar med andre studieprogram.
Nokre av undervisningsaktivitetane er det knytt krav om godkjent aktiv deltaking i.
Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80% frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til ferdigheitstrening i ulike tilnærmingsmåtar i sosialt arbeid. Arbeidskrava blir gjennomført skriftleg og munnleg, i grupper og individuelt. Arbeidskrava skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk. | 3000 ord (+/- 10 %) |