Semestre
SOS158 Praksisstudium, 16 dagar
Ingen.
I dette første praksisstudiet skal studenten gjennomføre praksis på yrkesarenaer der fagfolk og brukarar møtest. Gjennom deltaking og observasjon skal studenten bli kjent med arbeidskvardagen til fagfolk og brukarar sine behov. Det faglege fokuset i dette praksisstudiet er forforståing, relasjons- og profesjonell kompetanse og etikk. Studenten sin sjølvrefleksjon rundt eigne reaksjonar, følelsar og tankar før, under og etter praksis, er sentral. Det er forventa at studenten tar i bruk kunnskap frå det tidlegare og parallelle emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling, og etiske verdiar og problemstillingar knytt til relasjonsarbeid
- Har kunnskap om praktisk yrkesteori
Studenten:
- Kan drøfte og anvende kunnskap om relasjon og kommunikasjon i samhandling med kollegaer og brukarar
- Kan beskrive eigne erfaringar, følelsar og tankar i samband med praksis, og reflektere over desse
- Kan justere praksis under rettleiing
Studenten:
- Har innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, og kan vise grunnleggjande interesse, toleranse og respekt for menneske i ulike situasjonar uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting og seksuell orientering
- Har innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar og betydninga av samhandlingskompetanse i sosialt arbeid
Studenten har praksis ved ein godkjend praksisstad. Studenten følgjer arbeidstida ved praksisstaden, og tar del i det daglege arbeidet.
Studenten skriv samtidig logg med observasjonar, refleksjonar, analysar av erfaringar i praksisstudiet, og har ansvar for sjølvstudium.
Studenten skal ha ein praksisrettleiar ved praksisplassen som har eit oppfølgingsansvar for studenten. Studenten får også tildelt ein kontaktlærar ved høgskulen, som vil vere til stades i seminar og følgje opp studenten ved behov.
Det vert også nytta klasseroms- og seminarundervisning i emnet. Seminar midtvegs i praksis vert gjennomført digitalt.
Vi viser til Retningsliner for praksisstudium ved Bachelor i sosialt arbeid – sosionom og Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog.
Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktiviteter i emnet er obligatoriske.
- Studenten skal gjennomføre 16 dagar praksis på godkjent praksisstad.
- Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til gjennomføring av praksis. Arbeidskrava skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | 16 Dagar | Stått eller ikkje stått | Jf. Retningsliner for praksisstudium (…) vert samla vurdering av praksis gjort av kontaktlærar og praksisrettleiar. |