Semestre

SOS158 Praksisstudium, 16 dagar

Emnekode: 
SOS158
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I dette første praksisstudiet skal studenten gjennomføre praksis på yrkesarenaer der fagfolk og brukarar møtest. Gjennom deltaking og observasjon skal studenten bli kjent med arbeidskvardagen til fagfolk og brukarar sine behov. Det faglege fokuset i dette praksisstudiet er forforståing, relasjons- og profesjonell kompetanse og etikk. Studenten sin sjølvrefleksjon rundt eigne reaksjonar, følelsar og tankar før, under og etter praksis, er sentral. Det er forventa at studenten tar i bruk kunnskap frå det tidlegare og parallelle emne.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten: 

  • Har kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling, og etiske verdiar og problemstillingar knytt til relasjonsarbeid
  • Har kunnskap om praktisk yrkesteori
Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan drøfte og anvende kunnskap om relasjon og kommunikasjon i samhandling med kollegaer og brukarar
  • Kan beskrive eigne erfaringar, følelsar og tankar i samband med praksis, og reflektere over desse
  • Kan justere praksis under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten: 

  • Har innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, og kan vise grunnleggjande interesse, toleranse og respekt for menneske i ulike situasjonar uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting og seksuell orientering
  • Har innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar og betydninga av samhandlingskompetanse i sosialt arbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet går føre seg parallelt med emne SOS152 Folkehelse, migrasjon og marginalisering.

Studenten har praksis ved ein godkjend praksisstad. Studenten følgjer arbeidstida ved praksisstaden, og tar del i det daglege arbeidet.

Studenten skriv samtidig logg med observasjonar, refleksjonar, analysar av erfaringar i praksisstudiet, og har ansvar for sjølvstudium. 

Studenten skal ha ein kontaktperson ved praksisplassen som har eit oppfølgingsansvar for studenten. Studenten får også tildelt ein rettleiar ved høgskulen, som vil vere til stades i seminar og følgje opp studenten ved behov.

Det vert også nytta klasseroms- og seminarundervisning i emnet. Seminar midtvegs i praksis vert gjennomført digitalt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Vi viser til Retningsliner for praksisstudium ved Bachelor i sosialt arbeid – sosionom og Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog.

Obligatorisk deltaking

  1. 16 dagar praksis på godkjent praksisstad, der studenten kan ha maksimalt to dagar fråvær. Fråvær utover dette må takast igjen.
  2. Det er krav om 80 % obligatorisk deltaking på all anna undervisingsaktivitet (forarbeid, midtvegsseminar, etterarbeid).

Nærare informasjon om obligatorisk deltaking vil gå fram i Canvas. Vi viser elles til § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav

  1. Innlevering av praksisavtale
  2. Innlevering av innstilling til stått/ikkje stått praksis frå praksisstaden
  3. Innlevering av refleksjonsnotat etter praksis

Nærare informasjon om arbeidskrava vil gå fram i Canvas. Vi viser elles til § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Ann-Iren Høgalmen
Gerd Skjong
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
16 Dagar
Stått eller ikkje stått
Jf. Retningsliner for praksisstudium (…) vert samla vurdering av praksis gjort av kontaktlærar og praksisrettleiar.