Semestre

SP1-110KFK Læringsmiljø og åtferd

Emnekode: 
SP1-110KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Learning Environment and Behavior
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I emnet er omgrepa åtferd og læringsmiljø og samanhengen mellom dei hovudsak. Siktemålet er å gi innsyn i korleis desse omgrepa og relasjonane mellom dei kan legge eit grunnlag for inkluderande opplæring i skulen. Studentane får omfattande kunnskapar om årsaker og ulike spesialpedagogiske tiltak i skulen for elevar som syner ei åtferd som kan hindre læring for eleven sjølv og for dei rundt. Læringsmiljø er eit omfattande omgrep, ofte forstått som kulturelle, relasjonelle og fysiske tilhøve i skulen som er sentral for læring, utvikling og trivsel. Studentane skal tileigne seg innsikt i kva samanhengar det kan vere mellom kvaliteten på læringsmiljøet og kva åtferdsuttrykk som kjem til syne i ulike situasjonar. Det faglege innhaldet i emnet er sentralt i skulebasert kompetanseutvikling som skal bidra til utvikling av læringsmiljø som reduserer utfordringar relatert til åtferd.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om skulen som organisasjon og om endringsarbeid
  • har kunnskap om ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd og psykososialt miljø i skulen
  • har forskingsbasert kunnskap om læringsmiljø forankra i inkluderande haldningar og handlingar  
  • har kunnskap om samanhengane mellom pedagogisk leiing og åtferd, og konsekvensane dette kan ha for læringsmiljøet
  • har kunnskap om tidleg innsats som generelt pedagogisk prinsipp og som tidleg iverksetting av tiltak ved avdekking av vanskar 
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan analysere og forstå åtferd i både i eit individ- og systemperspektiv
  • kan analysere vilkår for læring og utvikle inkluderande læringsmiljø som grunnlag for pedagogisk praksis i skulen
  • kan arbeide med tidleg innsats som eit generelt pedagogisk prinsipp og kunne tidleg avdekke behov for tettare oppfølging for å hindre negativ utvikling
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan leie læringsarbeidet gjennom å forstå, handtere og førebyggje utfordringar knytt til åtferd  
  • kan reflektere over samanhengen mellom læringsmiljøet og eleven si åtferd
  • kan bidra med spesialpedagogiske perspektiv i skulen sitt utviklingsarbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er eit nett- og samlingsbasert, med tre fysiske samlingar. Samlingane blir gjennomført i Volda, og går over to dagar kvar. Det er to mellomarbeid i emnet, eitt mellom kvar samling. Mellomarbeida skal samla erstatte to samlingar i arbeidsmengd. 

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mellomarbeida er organisert som digitale oppgåver/innleveringar av ulike storleikar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav:

  1. Skriftleg gruppeoppgåve. Arbeidet vert i hovudsak organisert som samskriving på nett.
  2. Munnleg individuell presentasjon knytt til utvalde tema frå emnet. I tillegg skal studentane gje ein individuell opposisjon til ein medstudent sin presentasjon.
Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Iselin Vatnehol
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle hjelpemiddel tillatne
3000 ord (+/- 10 %).
Godkjent av: 
Silje Ims Lied