Semestre
SP1-110KFK Læringsmiljø og åtferd
Ingen.
Emnet tek mellom anna føre seg tematikkar som organisasjon og leiing, åtferd, læringsmiljø, samt eleven sine vilkår for utvikling og læring i skulen. Temaa blir sett på ut frå både frå individ- og systemperspektiv. Inkludering er eit grunnleggjande perspektiv i emnet. Lærarrolla, gruppe- og klasseleiing og ulike utfordringa knytt til åtferd, mellom anna mobbing, er sentrale områder i denne samanhengen. Vi legg vekt på ei heilskapleg forståing av åtferdsutfordringar, med ulike tilnærmingar for å forklare konsekvensane av ulike tiltak som vert iverksett av skulen, både inn mot klassemiljøet og mot skulen som organisasjon. Ein har fokus på tidleg innsats, knytt både til dei første stega i skuleløpet og til ei forståing der innsatsen vert sett i verk tidleg ved avdekking av behov for ei tettare oppfølging - uavhengig av kva steg eleven går på.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha grundige kunnskapar om
organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid.
ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd og psykososialt miljø i skulen ut frå ei heilskapleg forståing.
klasseleiing og læringsmiljø forankra i inkluderande haldningar og handlingar.
mobbing: førebygging, avdekking og tiltak.
samanhengane mellom leiing og åtferd, og konsekvensane dette har for læringsmiljøet.
tidleg innsats som generelt pedagogisk prinsipp i dei første klassestega, og som tidleg iverksetting av tiltak ved avdekking av vanskar gjennom heile skuleløpet.
Studenten skal
kunne legge til rette for endrings- og innovasjonsarbeid for å utvikle og betre læringsmiljøet.
kunne analysere og forstå åtferd i eit heilskapleg individ- og systemperspektiv
ha kompetanse på gruppe- og klasseleiing forankra i ein inkluderande praksis.
kunne førebygge og avdekke mobbing og sette i gang relevante tiltak.
kunne arbeide med tidleg innsats som eit generelt pedagogisk prinsipp og kunne tidleg avdekke behov for tettare oppfølging for å motverke negativ utvikling.
Studenten skal
kunne leie læringsarbeidet gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd.
kunne analysere vilkår for læring og utvikle inkluderande læringsmiljø i skulen.
Emnet er nett- og samlingsbasert studium organiset i to emne på 15 studiepoeng med 3 samlingar pr. semester. Samlingane blir gjennomført i Volda, og går over to dagar kvar. Det er to mellomarbeid i emnet, eitt mellom kvar samling.
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mellomarbeida på emnet er organisert som digitale oppgåver/innleveringar av ulike storleikar som studenten skal arbeide sjølvstendig med.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav 1:
Skriftleg gruppeoppgåve om oppgjeve tema. Arbeidet vert i hovudsak organisert som samskriving på nett. Omfang: 3 000 ord (+/- 10 %).
Arbeidskrav 2:
Munnleg individuell framlegging knytt til utvalde tema frå emnet digitalt i Canvas, med individuell opposisjon.
- Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Oppgåva skal ha form som ein artikkel. | 5000 ord (+/- 10 %). Føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. |