Semestre

SP301-KFB Spesialpedagogikk i barnehagen

Emnekode: 
SP301-KFB
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet vektlegg kompetanse i å legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø i barnehagen gjennom tilpassing og meistring for barn med ulike føresetnadar for læring. Studiet legg vekt på dialog, samhandling og kritisk refleksjon knytt til ulike tema, slik at studentane får eit godt grunnlag til refleksjon rundt problemstillingar dei møter i eige pedagogisk arbeid.

Utdanninga retter seg mot tilsette i barnehage som har relevant bachelorutdanning og som ønsker å utvikle eigen kompetanse i emnet. Studiet inneheld ulike teoretiske innfallsvinklar til det spesialpedagogiske området og vert kjenneteikna av ei breiddetilnærming til inkludering og tidleg innsats, med mål om at studentane utviklar evne til kritisk og analytisk tenking og handlingskompetanse. Sentralt i studiet er kunnskap om å legge til rette for eit allmennpedagogisk tilbod av høg kvalitet for barn som treng spesialpedagogisk hjelp og ekstra støtte, til dømes kunnskap om omsorgssvikt og korleis barnehagen kan arbeide forebyggande med dette. 

Emnet tek også føre seg korleis leiing og åtferd påverkar læringsmiljøet og det psykososiale miljøet i barnehagen. Tematikken blir sett på ut frå både eit individ- og systemperspektiv. Vaksenrolla, leiing og mobbing er sentrale område i denne samanhengen. Vi legg vekt på ei heilskapleg forståing av åtferdsvanskar, og går inn i ulike tilnærmingar for å forklare konsekvensane av ulike tiltak som vert iverksett av barnehagen, både inn mot barnegruppa og mot barnehagen som organisasjon. Vi har søkelys på tidleg innsats og inkludering, knytt både til tidleg barndom og til ei forståing der innsatsen vert sett i verk tidleg ved avdekking av behov for ei tettare oppfølging - uavhengig av alder på barnet. Inkludering er eit gjennomgåande prinsipp i dei ulike tematikkane i emnet. Studiet vil også gi kompetanse på språkleg utvikling, språkvanskar og betydinga av språkleg kompetanse.

Kunnskap om samarbeid med heimen og tverrprofesjonelt arbeid med barn som treng ekstra støtte, kommunikasjon og relasjonelt arbeid, samt observasjon, kartlegging, dokumentasjon og vurdering inngår i studiet. Studiet omhandlar også kunnskap om korleis digitale verktøy kan vere ein ressurs i det pedagogiske arbeidet når det gjeld tilrettelegging for barn sin leik, læring og utvikling.

Studentane skal få erfaringar med å vurdere og analysere det dei lærer i studiet i tråd med innhaldet i Rammeplan for barnehagen. Med utgangspunkt i rammeplanen sitt verdigrunnlag vil tema som barn og barndom, demokrati, mangfald og respekt, likestilling og likeverd, berekraftig utvikling, og livsmeistring og helse, inngå i studiet på eit overordna og tverrprofesjonelt nivå.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha grundige kunnskapar om 

  • omfattande kunnskap om tidleg innsats og inkludering
  • omfattande kunnskap om problemstillingar knytt til barns rettigheiter, med særskilt vekt på rett til spesialpedagogisk hjelp
  • ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd og psykososialt miljø i barnehagen ut frå ei heilskapleg forståing.
  • brei kunnskap om omsorgssvikt og barns signal på ugunstige omsorgsvilkår
  • grundig innsikt i barns språkutvikling, inkludert fleirspråkleg utvikling, og ulike språk- og kommunikasjonsforstyrringar
  • brei kunnskap om ulike samarbeidsformer, tverrprofesjonelt samarbeid og samarbeid med heimen
Ferdigheiter

Studenten skal  

  • kunne analysere og forstå åtferd med eit heilskapleg individ- og systemperspektiv  
  • identifisere ulike behov, analysere og legge til rette tiltak ut frå enkeltbarn og gruppa sine behov og forutsetningar, ved å nytte observasjon, dokumentasjon, vurdering og kartlegging
  • forebygge språk-, lære-, samspels- og psykososiale vanskar
  • vurdere og anvende digitale verktøy som ein ressurs i det pedagogiske arbeid med å tilrettelegge for leik, læring og utvikling
Generell kompetanse

Studenten skal  

  • kunne analysere vilkår for læring og utvikle inkluderande læringsmiljø i barnehagen. 
  • kunne leie læringsarbeidet gjennom å forstå, handtere og førebyggje utfordringar knytt til åtferd.  
  • ha god innsikt i verdien av språkstimulering i barnehagen og betydninga av tidleg innsats
  • ha god innsikt i barnehagens rolle som sosialt inkluderande og meistringsarena for barn
  • ha utvikla god innsikt, haldning og kritisk refleksjonsevne over spesialpedagogisk arbeid på bakgrunn av nyare forsking om barnehage på individ og systemnivå
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nett- og samlingsbasert studium organisert i eit emne på 30 studiepoeng, med 3 samlingar pr. semester. Samlingane blir gjennomført i Volda, og går over to dagar kvar. Tilbodet er delvis nettbasert med mellomarbeid som skal gjennomførast mellom kvar samling.

 Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mellomarbeida på emnet er organisert som digitale oppgåver/innleveringar av ulike storleikar som studenten skal arbeide sjølvstendig med. Mellomarbeida skal samla erstatte tre samlingar i arbeidsmengd. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte

Arbeidskrav:

Haust:  

  1. Skriftleg individuell oppgåve i form av ein fagartikkel. Omfang: 2000 ord (+/- 10 %). Problemstilling skal vere knytt til tema, litteratur og undervising innanfor emnet.
  2. Eit munnleg gruppeframlegg med utgangspunkt i den skriftlege individuelle oppgåva. Gruppeframlegget presenterast for, og drøftast med studentar og faglærarar. Kvart gruppemedlem skal ha ei tydeleg rolle i gruppeframlegget. 

Vår:   

  1. Skriftleg individuell oppgåve. Omfang: 2.500 ord (+/- 10 %). Oppgåva skal ta utgangspunkt i kunnskapsdeling og utprøving av ny fagleg kunnskap i eige kollegium i barnehagen, knytt til eit sjølvvalt tema i emnet.
  2. Skriftleg individuell oppgåve i form av ei litteraturliste over sjølvvalt pensum. Omfang av sjølvvalt pensum er 300 sider. 
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Omfang 5000 ord +/-10 %
Godkjent av: 
Arne Myklebust