Semestre

SP301-KFB Spesialpedagogikk i barnehagen

Emnekode: 
SP301-KFB
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Dette emnet skal gi studentane omfattande innsikt og kompetanse i grunnleggande spørsmål som gjeld inkludering og spesialpedagogisk hjelp. Emnet tek føre seg samanhengar mellom leiing, åtferd og læringsmiljø. Forholdet mellom intensjonar i styringsdokument og utøving av praksis står sentralt.  

Emnet vektlegg kompetanse i å skape vilkår for eit inkluderande læringsmiljø i barnehagen gjennom tilpassing for barn med ulike føresetnadar for læring. Sentralt i studiet er kunnskap om å legge til rette for eit tilbod av høg kvalitet for barn som treng spesialpedagogisk hjelp. Emnet tek også føre seg korleis leiing og åtferd påverkar læringsmiljøet og det psykososiale miljøet i barnehagen. Tematikken blir sett på ut frå både eit individ- og systemperspektiv. Kunnskap om endringsarbeid er også sentralt 

Studiet inneheld ulike teoretiske innfallsvinklar til det spesialpedagogiske området og vert kjenneteikna av ei vid tilnærming til inkludering og tidleg innsats, med mål om at studentane utviklar evne til kritisk og analytisk tenking i barnehagen. Kunnskap om samarbeid med heimen og tverrprofesjonelt arbeid inngår i studiet. 

Utdanninga retter seg mot tilsette i barnehage som har relevant bachelorutdanning og som ønsker å utvikle eigen kompetanse i fagfeltet.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten har  

  • omfattande kunnskap om tidleg innsats og inkludering 

  • grundig kunnskap om ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på spesialpedagogiske spørsmål  

  • inngåande kunnskap om leiing av endringsprosessar,  tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid, og samarbeid med heimen 

Ferdigheiter

Kandidaten  

  • kan identifisere, analysere og legge til rette tiltak ut frå enkeltbarn og gruppa sine behov og forutsetningar 

  • kan legge til rette for endringsprosessar 

Generell kompetanse

Kandidaten   

  • kan analysere rammefaktorar for læring og utvikle inkluderande læringsmiljø i barnehagen 

  • kan skape gode vilkår for meistring, læring og utvikling for barn med ulike føresetnadar  

  • har god innsikt, haldning og kritisk refleksjonsevne over spesialpedagogisk arbeid 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er eit nett- og samlingsbasert studium på 30 studiepoeng, organisert med tre fysiske samlingar pr. semester. Samlingane blir gjennomført ved Høgskulen i Volda, og går over to dagar kvar. Tilbodet er delvis nettbasert med mellomarbeid som skal gjennomførast mellom kvar samling. 

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mellomarbeida på emnet er organisert som digitale oppgåver/innleveringar av ulike storleikar som studenten skal arbeide sjølvstendig med.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Arbeidskrav: 

Haust:   

  1. Skriftleg individuell oppgåve. Problemstilling skal vere knytt til tema, litteratur og undervising innanfor emnet. 

  1. Eit munnleg gruppeframlegg med utgangspunkt i den skriftlege individuelle oppgåva. Gruppeframlegget presenterast for, og drøftast med studentar og faglærarar.  

Vår:    

 

  1. Skriftleg individuell oppgåve i form av ei litteraturliste over sjølvvalt pensum. Omfang av sjølvvalt pensum er 300 sider.  

  1. Skriftleg individuell oppgåve som tek utgangspunkt i kunnskapsdeling og utprøving av ny fagleg kunnskap i eige kollegium i barnehagen, knytt til eit sjølvvalt tema i emnet. 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Birte Haddal Engeset
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk i barnehagen - Kompetanse for fremtidens barnehage
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Omfang 5000 ord +/-10 %
Godkjent av: 
Arne Myklebust