Semestre
SPP301 Overordna perspektiv på spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring
Ingen
Emnet skal gi studentane omfattande innsikt og kompetanse i grunnleggjande spørsmål som gjeld spesialpedagogiske tiltak og inkluderande opplæring i barnehage og skule. Det blir lagt særleg vekt på korleis ein kan møte utfordringar som gjeld barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og elevar med vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring i skulen. Dette omhandlar korleis ein kan organisere og planleggje arbeidet kring einskildindividet, og om samanhengen mellom det tilrettelagde og det ordinære tilbodet. Det gjeld i neste rekkje også korleis ein kan arbeide systemretta i samhandling mellom grupper, organisasjonen og omverda. Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid vil i denne samanhengen vere tematisert. Innhaldet i emnet har stor relevans for korleis ein kan påverke kvaliteten på opplæringa for alle barn, unge og vaksne.
Emnet handlar om sentrale omgrep som har tyding for spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring, både som intensjon og praksis, der vilkår og rammer for opplæringa står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten :
- har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på og tilnærmingar til spesialpedagogisk hjelp, individuelt tilrettelagd opplæring og inkluderande opplæring
- har innsikt i kva som har særprega utviklinga av regelverk for og praksis i spesialpedagogisk arbeid og inkluderande praksisar over tid
- har avansert kunnskap om kva vilkår ulike kontekstuelle og organisatoriske tilhøve gir for spesialpedagogisk tiltak og inkluderande opplæring
Kandidaten:
- evnar å nytte sentrale omgrep knytt til spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring i møte med både individ og system
- kan ta i bruk forsking for å analysere og forstå premissane for spesialpedagogisk arbeid og inkludering i barnehage og skule
Kandidaten:
- kan forklare utfordringar i spesialpedagogisk verksemd og inkluderande opplæring i barnehage og skule
- evnar å vurdere kvaliteten i det ordinære og i det spesialpedagogiske tilbodet, og korleis desse gjensidig påverkar kvarandre
Emnet er organisert med samlingar over to dagar, om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesningar, undervisning med vekt på studentaktive arbeidsformer og arbeid i læringsgrupper.
Frammøte
Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav
Emnet har tre arbeidskrav som alle må vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen:
- Arbeidskrav 1: Eit skriftleg arbeid i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak.
- Arbeidskrav 2: Individuell munnleg presentasjon av eit sjølvvalt tema. Presentasjonen skal vere digital.
- Arbeidskrav 3: Ein individuell skriftleg opposisjon på eit munnleg arbeidskrav.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Spesialpedagogikk - master
- Spesialpedagogikk - master (deltid)
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Skuleeksamen | Ingen | Utan gitt omfang |