Semesters

SPP301 Overordna perspektiv på spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring

Course code: 
SPP301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet skal gi studentane omfattande innsikt og kompetanse i grunnleggjande spørsmål som gjeld spesialpedagogiske tiltak og inkluderande opplæring i barnehage og skule. Det blir lagt særleg vekt på korleis ein kan møte utfordringar som gjeld barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og elevar med vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring i skulen. Dette omhandlar korleis ein kan organisere og planleggje arbeidet kring einskildindividet, og om samanhengen mellom det tilrettelagde og det ordinære tilbodet. Det gjeld i neste rekkje også korleis ein kan arbeide systemretta i samhandling mellom grupper, organisasjonen og omverda. Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid vil i denne samanhengen vere tematisert. Innhaldet i emnet har stor relevans for korleis ein kan påverke kvaliteten på opplæringa for alle barn, unge og vaksne. 

Emnet handlar om sentrale omgrep som har tyding for spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring, både som intensjon og praksis, der vilkår og rammer for opplæringa står sentralt. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Kandidaten : 

  • har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på og tilnærmingar til spesialpedagogisk hjelp, individuelt tilrettelagd opplæring og inkluderande opplæring  
  • har innsikt i kva som har særprega utviklinga av regelverk for og praksis i spesialpedagogisk arbeid og inkluderande praksisar over tid 
  • har avansert kunnskap om kva vilkår ulike kontekstuelle og organisatoriske tilhøve gir for spesialpedagogisk tiltak og inkluderande opplæring   
Learning outcome skills

Kandidaten:  

  • evnar å nytte sentrale omgrep knytt til spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring i møte med både individ og system
  • kan ta i bruk forsking for å analysere og forstå premissane for spesialpedagogisk arbeid og inkludering i barnehage og skule 
Learning outcome qualification

Kandidaten: 

  • kan forklare utfordringar i spesialpedagogisk verksemd og inkluderande opplæring i barnehage og skule  
  • evnar å vurdere kvaliteten i det ordinære og i det spesialpedagogiske tilbodet, og korleis desse gjensidig påverkar kvarandre  
Working and learning activities

Emnet er organisert med samlingar over to dagar, om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesningar, undervisning med vekt på studentaktive arbeidsformer og arbeid i læringsgrupper. 

Assessment requirements

Frammøte

Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav

Emnet har tre arbeidskrav som alle må vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen:

  • Arbeidskrav 1: Eit skriftleg arbeid i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak.  
  • Arbeidskrav 2: Individuell munnleg presentasjon av eit sjølvvalt tema. Presentasjonen skal vere digital. 
  • Arbeidskrav 3: Ein individuell skriftleg opposisjon på eit munnleg arbeidskrav. 
Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Used in other programs
  • Master in Special Education
  • Special Education
  • Special Education
  • Special Education - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Skuleeksamen
Ingen
Utan gitt omfang
Approval signature: 
Arne Myklebust