Semestre

SPP301 Overordna perspektiv på spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring

Emnekode: 
SPP301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Dette emnet skal gi studentane omfattande innsikt og kompetanse i grunnleggjande spørsmål som gjeld spesialpedagogiske tiltak og inkluderande opplæring i barnehage og skule. Det blir lagt særleg vekt på korleis ein kan møte utfordringar som gjeld barn med enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning i skulen. Dette omhandlar både korleis ein kan organisere og planleggje arbeidet med det einskilde individet. Det gjeld også korleis ein kan vere systemretta i samhandling mellom gruppe, organisasjonen og omverda. Innhaldet i emnet har slik også stor relevans for korleis ein kan påverke kvaliteten på opplæringa for alle barn, unge og vaksne.  

Emnet handlar om sentrale premissar for spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring, både som formulering (intensjon) og realisering (praksis), der vilkår og rammer står sentralt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studentane har inngåande kunnskap om: 

  • Ulike perspektiv på og tilnærmingar til omgrepa spesialpedagogisk hjelp, spesialundervisning og inkluderande opplæring  
  • Kva som har særprega utviklinga av regelverk for og praksis i spesialpedagogisk arbeid og inkluderande praksisar over tid 
  • Kva vilkår ulike kontekstuelle og organisatoriske tilhøve gir for det spesialpedagogiske arbeidet og inkluderande opplæring   
  • Ulike faglege tilnærmingar ein kan anvende for å endre arbeidet i barnehage og skule meir i samsvar med ideala knytte til inkluderande opplæring. 
Ferdigheiter

Studentane kan:  

  • Ta i bruk forsking til å analysere og forstå premissene for spesialpedagogisk arbeid og inkluderande praksis i barnehage og skule 
  • Framstille tilhøvet mellom intensjon og praksis i spesialpedagogisk arbeid og eit inkluderande miljø i skule og barnehage 
  • Hente inn kunnskap om praksis og analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i barnehage og skule ut frå sentrale perspektiv i spesialpedagogikk og inkluderande opplæring. 
Generell kompetanse

Studentane kan: 

  • Forklare utfordringar i spesialpedagogisk verksemd og inkluderande opplæring i barnehage og skule  
  • Vurdere kvaliteten i ordinær opplæring og i spesialpedagogiske tiltak  
  • Skrive ein fagleg artikkel som med utgangspunkt i ei problemstilling drøftar pedagogisk praksis i lys av relevant og aktuell faglitteratur. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesningar, undervisning med vekt på studentaktive arbeidsformer, arbeid i læringsgrupper, innhenting av kunnskap frå praksisfeltet, studentseminar og oppgåveskriving. Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Det er obligatorisk frammøte til samlingane.  

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

  • Godkjende arbeidskrav.  Emnet har to arbeidskrav som utgjer ein del av prosessen fram mot semesteroppgåva, som også utgjer eksamensoppgåva. 

    • Arbeidskrav 1: Gruppearbeid der ein på grunnlag av gitte problemstillingar utformar eit kunnskapsgrunnlag på 2-3 sider som skal presenterast i plenum.  

    • Arbeidskrav 2: Individuelt feltarbeid med presentasjon av resultat i plenum.  

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kari Bachmann
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
I denne oppgåva skal studenten drøfte kunnskapen dei har henta inn om praksisfeltet, i høve til den litteraturen som er sett opp for emnet.
Om lag 4000 ord (+/- 10 %, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg)
Godkjent av: 
Arne Myklebust