Semestre

SPP302 Kognitiv utvikling og læring

Emnekode: 
SPP302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Cognitive Development and Learning
Emnenavn på bokmål: 
Kognitiv utvikling og læring
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen 

Om emnet

Det er ein tett og gjensidig samanheng mellom læring og utvikling. Det vert lagt vekt på vilkår og tiltak for læring og utvikling, men med ei særleg merksemd retta mot kognitive utfordringar. Emnet kastar lys over samspelet mellom læring og utvikling ved å sjå på ulike individuelle, relasjonelle og systemiske faktorar som kan påverke vilkåra for læring og utvikling hos barn og elever. Gjennomgåande i emnet vil det vere fokus på å forstå variasjon i barn og elever si kognitive utvikling og læring. Emnet vil også omhandle spesialpedagogen sin rolle som rettleiar og rådgjevar både internt og eksternt i barnehage og skule. Målsettinga er å sikre god samanheng mellom det spesialpedagogiske og det ordinære tilbodet for barn og elevar med kognitive vanskar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Kandidaten:  

  • har avansert kunnskap om ulike perspektiv på læring og korleis samspelet mellom individ og system kan verke inn på barn og elevar si læring og kognitive utvikling
  • har grundige kunnskapar om ulike kognitive vanskar og korleis dette kan påverke barn og elevar si læring og utvikling
  • har inngåande kunnskapar om individuelle og systemiske faktorar som verkar inn på læring, motivasjon og sjølvoppfatning 
  • har forskingsbasert kunnskap om spesialpedagogisk rettleiing og rådgiving

 

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • nyttar kunnskap om korleis ulike læringssyn kan kome til uttrykk og påverke pedagogisk praksis
  • nyttar forskingsbasert kunnskap for å utvikle læringsmiljø med god samanheng i organiseringa av dei spesialpedagogiske tiltaka og det ordinære tilbodet
  • rettleiar andre i det spesialpedagogiske arbeidet rundt barn og elevar
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • gjer kritiske refleksjonar kring barn og elevar med kognitive vanskar relatert til pedagogisk praksis
  • formidlar sjølvstendig arbeid og beherskar uttrykksforma innanfor det spesialpedagogiske fagområdet
  • er medviten etiske utfordringar kring samanhengen mellom det spesialpedagogiske og det allmennpedagogiske tilbodet til barn og elevar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Studentane må deltatt på minst 70 % av undervisninga, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, samt at emnet sine arbeidskrav er godkjent.
    • Arbeidskrav:
      • Studentane skal skrive ein fagleg artikkel med relevans for emnet
      • Studentane skal gje en førebudd tilbakemelding til ein tildelt medstudent sitt utkast til artikkel
      • Studentane skal presentere og drøfte innhaldet i eigen artikkel med medstudentar i seminar

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
3000 ord (+/- 10 %)
Godkjent av: 
Arne Myklebust