Semestre
SPP303 Språk-, lese-, skrive- og matematikkvanskar
Ingen
Emnet vil ha eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på temaet som understrekar utfordringa barnehage og skule kan ha for å utvikle ei inkluderande og tilpassa opplæring til alle barn/elevar. Tema som språkleg utvikling, kognisjon/metakognisjon, forståingsstrategiar/ferdigheiter og sosiokulturelle tilhøve vil bli presenterte gjennom førelesingar og pensum. Emnet vil gi kunnskap om korleis barnehage og skule kan byggje opp den språklege plattforma hos barna/elevane, og slik gi godt grunnlag for lese- og skriveutvikling. Tilhøvet mellom språk og lesing vil stå i sentrum. I tillegg matematikkvanskar ha ein sentral plass. Emnet tek også føre seg andrespråksperspektivet på lesing og skriving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- skal ha inngåande kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon
- skal ha avansert kunnskap om språkleg utvikling og betydninga av språkleg kompetanse
- skal ha grundig innsikt i elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse
- skal ha inngåande kunnskao om samanhengen mellom språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
- skal ha god innsikt i andrespråksperspektiv på lesing og skriving
Kandidaten
- skal kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk
- skal kunne å legge til rette og vurdere pedagogiske aktivitetar med tanke på førebyggjing av skriftspråklege vanskar
- evnar å legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvansker, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Kandidaten
- skal forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og matematikk
- skal evne å legge tilrette for og vurdere aktivitetar med tanke på førebyggjing av skriftspråklege vanskar
- skal kunne kritisk vurdere og legge tilrette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.
- Det er krav om 70 prosent frammøte til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Godkjent to skriftlege arbeidskrav i mappe
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Spesialpedagogikk - master
- Spesialpedagogikk - master (deltid)
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ingen |