Semestre

SRS102N Skuleretta samfunnsfag: Konfliktar i samfunnet (nettbasert m/avgift)

Emnekode: 
SRS102N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

SRS102N inneheld om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. I geografi vert det lagt vekt på klima, levekår, urbanisering, nord-sør problematikk. I historie står konfliktar og samfunnsendring frå opplysningstida fram til i dag sentralt, i tillegg til historiebruk og forståing av fortida hos barn og ungdom. I samfunnskunnskap vert det lagt særleg vekt på menneskerettar, politiske, økonomiske og kulturelle samfunnsforhold, nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet i emnet er knytt til den gjeldande læreplanen i grunnskulen m.a. når det gjeld tema og arbeidsmåtar. Sentrale tverrgåande perspektiv knytt til dei ulike områda vil vere forskningsforankring, digital kompetanse, grunnleggjande dugleikar og fleirkulturelle utfordringar. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 1 N. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
  • kunnskap om historieforståinga og historiebruken til ungdomen
  • kunnskap om barn og unges rettar, demokrati og politisk deltaking
  • kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
  • kunnskap om klima, levekår og berekraftig utvikling i ulike delar av verda
  • kunnskap om klima, levekår, Nord-Sør problematikk, urbanisering
  • kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå opplysningstida til i dag. 
  • kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
  • kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
  • kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Ferdigheiter

Studenten skal  kunne

  • arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
  • planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
  • bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
  • bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
  • bidra til å utvikle den munnlege dugleiken til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
  • skildre og analyse livsformer og levekår i ulike delar av verda
Generell kompetanse

 Studenten skal kunne

  • leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
  • reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  • reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
  • kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. Canvas vert brukt aktivt m.a. til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, forum for studiehjelp m.a. med rettleiingar og arbeidsoppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å få framstille seg for eksamen, må studenten ha skrive ein fagtekst på 900 - 1200 ord innanfor kvart av fagområda geografi, historie og samfunnskunnskap og fått desse godkjende.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Elisabeth Teige
Studieavgift

Kr 4.000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skuleretta samfunnsfag 1 - nettstudium m/avgift
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
HI 112
2
Godkjent av: 
Elisabeth Teige, 27.09.18