Semestre
SRS102N Berekraft og globalisering
Dette emnet tilbyr ei fordjuping i prosessar som gjeld berekraft og globalisering. Sentrale problemstillingar er utforsking av samfunnsutfordringar relatert til klimaendringar og berekraft. Desse utfordringane heng tett saman med spørsmål knytt til globalisering og globale maktulikskapar. Kurset utforskar dei historiske føresetnadane for denne situasjonen, og trekker linjer mellom det globale og det norske samfunnet gjennom eit fokus på posisjonen vår i verda, før og no. Studiet gjev også studentane solid innsikt i relevante didaktiske tilnærmingar til disse tematikkane
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om
- Stad og landskap som natur, kultur og historie
- Samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling og berekraftig utvikling
- Samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering
- Stadar si rolle i sosialisering, identitetsdanning og sosial ulikskap
- Konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- Berekraftdidaktikk
Kandidaten kan
- Legge til rette for læringsprosessar som fremmar bevisstheit om utfordringar knytt til berekraft
- Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tematikkane i emnet
- Forstå samanhengar mellom menneske, stad og natur
- Tenke kritisk om ulikskapsprosessar knytt til klimaendringane
Kandidaten
- Kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- Har kunnskap om korleis ein kan skape berekraftige samfunn
Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.
For å få framstille seg for eksamen må kandiaten bestå eit arbeidskrav som vil bli nærare definert ved semesterstart. Arbeidskravet skal integrerast i kandidaten sin lærarkvardag, og skal bidra til kunnskapsdeling i kollegiet og til å utvikle kunnskap om berekraftdidaktikk. Alternative løysingar er tilgjengelege for kandidatar som studerer på heiltid.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr 4.000,-
- Skuleretta samfunnsfag 1 - nettstudium m/avgift
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |