Semestre

SRS104N Skuleretta samfunnsfag: Fokus på Aust-Afrika (nettbasert m/avgift)

Emnekode: 
SRS104N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Global Societal Challenges
Emnenavn på bokmål: 
Globale samfunnsutfordringer
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

SRS104N omfattar om lag like deler historie, geografi og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Studiet tek opp tema som geografi, historie og samfunnsforhold på Island, i Kina og Afrika med eit spesielt fokus på Kenya. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 2 N og i årseininga Skuleretta samfunnsfag.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten
 • skal ha kunnskap om utviklinga i den globale verdsøkonomien og politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale konsekvensar av denne utviklinga
 • skal kjenne til afrikansk, islandsk og kinesisk historie, geografi og samfunnsliv
 • skal kunne leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
 • skal ha kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
 • skal ha kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar

Ferdigheiter

 Studenten skal kunne
 • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
 • arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
 • planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
 • kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
 • reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
 • bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
 • gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
 • ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar

Generell kompetanse

Studenten skal
 • kunne oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
 • kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
 • kunne reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
 • kunne forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
 • kunne kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
 • ha innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av semesteroppgåva og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. Canvas vert brukt aktivt m.a. som forum for studiehjelp m.a. med studieleksjonar, rettleiing og arbeidsoppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Studentane skal skrive ei individuell semesteroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 4.000 og maksimum 6.000 ord. Tema for dette arbeidet skal vere knytt til undervisningstema i emnet.
  • Studentane skal gjennomføre ei skriftleg prøve med godkjent resultat (vert gjennomført i Canvas).
Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Elisabeth Teige
Studieavgift

Kr 4.000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skuleretta samfunnsfag 2 - nettstudium m/avgift
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Minimum 4.000 og maksimum 6.000 ord
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.02.18