Semestre

SSA101 Introduksjon, samfunnsfagleg utforsking og kritisk tenking

Emnekode: 
SSA101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet byggjer på to av kjerneområda i læreplanen i samfunnsfag (SAF01-04): «Undring og utforsking» og «Samfunnskritisk tenking og samanhengar». Studiet skal gje ei grunnleggjande forståing for desse to kjerneområda og kompetansemåla i læreplanen som er relatert til desse. Kandidatane skal etter å ha gjennomført emnet ha forståing for faglege og didaktiske innfallsvinklar til samfunnsfagleg utforsking og kritisk tenking. I tillegg skal emnet gje ein overbyggjande introduksjon til studiet og til samfunnsfaget i grunnskulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • Har djupnekunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • Har djupnekunnskap om utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
  • Har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • Har djupnekunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar knytte til statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
Ferdigheiter

Studenten

  • Kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • Kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • Kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet med særleg vekt på grunnleggande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • Kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Generell kompetanse

Studenten

  • Kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • Kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • Kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, arbeid med digitale verktøy, skriftlege arbeid og rettleiing.

Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomførte i e-læringsplattforma Canvas.

Eksamen vert levert digitalt i Inspera – Høgskulen i Volda sitt system for digital vurdering.

Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen

 

Arbeidskrav:

Ingen obligatoriske, men det vil bli gitt høve til å arbeide med eksamensførebuande oppgåver.

Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Ådne Meling
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skuleretta samfunnsfag - årsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ubegrensa