Semestre
SSA101 Introduksjon, samfunnsfagleg utforsking og kritisk tenking
Ingen.
Emnet byggjer på to av kjerneområda i læreplanen i samfunnsfag (SAF01-04): «Undring og utforsking» og «Samfunnskritisk tenking og samanhengar». Studiet skal gje ei grunnleggjande forståing for desse to kjerneområda og kompetansemåla i læreplanen som er relatert til desse. Kandidatane skal etter å ha gjennomført emnet ha forståing for faglege og didaktiske innfallsvinklar til samfunnsfagleg utforsking og kritisk tenking. I tillegg skal emnet gje ein overbyggjande introduksjon til studiet og til samfunnsfaget i grunnskulen. Emnet er også relevant for kjerneelementa "Undring og utforsking" og "Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking" i faget samfunnskunnskap for den vidaregåande skulen (SAK01-01).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har djupnekunnskap om undring og utforsking i geografi, historie og samfunnskunnskap
- Har djupnekunnskap om utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
- Har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
- Har djupnekunnskap om kritisk tenking
- Kan forholde seg kritisk til undervisningsopplegg i samfunnsfag og samfunnskunnskap
Studenten
- Kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- Kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
- Kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for å oppøve elevane si kritiske tenking
- Kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane si undring og utforsking
Studenten
- Kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
- Kan legge til rette for at elevane oppøvar evne til samfunnsfagleg undring og utforsking
- Kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen
Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, arbeid med digitale verktøy, skriftlege arbeid og rettleiing.
Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomførte i e-læringsplattforma Canvas.
Eksamen vert levert digitalt i Inspera – Høgskulen i Volda sitt system for digital vurdering.
Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma
Frammøtekrav: Ingen
Arbeidskrav:
Ingen obligatoriske, men det vil bli gitt høve til å arbeide med eksamensførebuande oppgåver.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
- Skuleretta samfunnsfag - årsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ubegrensa |