Semestre

SSA102 Demokratiforståing og deltaking

Emnekode: 
SSA102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er delt i tre overordna tematikkar som kvar går i djupna på ulike aspekt ved undervisning om demokrati og medborgarskap i samfunnsfag: Demokrati, menneskerettigheter og konflikter. Under overskriften demokrati vil tema som samfunnsfagets rolle i demokratiopplæringen, demokratiteori, arbeidet med å skape engasjerte og deltakende demokratiske borgere og globalt medborgerskap bli vektlagt. I tilknytning til disse temaene vil du få kjennskap til ulike dialogbaserte undervisningsmetoder og innsikt i faglige diskusjoner mellom ulike tradisjoner for demokratiundervisning

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor demokrati og medborgarskap som tema i samfunnsfag
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor de sentrale temaa i emnet - Kan oppdatere kunnskapen sin innanfor relevante tema for undervisning om demokrati og medborgarskap, menneskerettar og konfliktar
  • Har kunnskap om fagets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet som er relevant for temaa i emnet
Ferdigheiter

Studenten

  • Kan bruke fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere begrunna val i eiga arbeid med temaa
  • Kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling
  • Kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
Generell kompetanse

Studenten

  • Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, arbeid med digitale verktøy, skriftlege arbeid og rettleiing.

Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomførte i e-læringsplattforma Canvas.

Eksamen vert levert digitalt i Inspera – Høgskulen i Volda sitt system for digital vurdering.

Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen

Arbeidskrav:

For å kunne framstille seg for eksamen må studenten ha gjennomført og bestått følgjande arbeidskrav

  1. Levere og få godkjent sjølvvalt pensum på 100-150 sider tilknytta fordjupningstema. Val av tema skal gjerast i samråd med emneansvarleg.
  2. Gjennomføre ei mindre tematisk læremiddelanalyse, som skal leverast som ein fagtekst på inntil 2500 ord.
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Elisabeth Teige
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skuleretta samfunnsfag - årsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
3500 ord +/- 10 %