Semestre
SSA102 Demokratiforståing og deltaking
Ingen.
Emnet er delt i tre overordna tematikkar som kvar går i djupna på ulike aspekt ved undervisning om demokrati og medborgarskap i samfunnsfag: Demokrati, menneskerettigheter og konflikter. Under overskriften demokrati vil tema som samfunnsfagets rolle i demokratiopplæringen, demokratiteori, arbeidet med å skape engasjerte og deltakende demokratiske borgere og globalt medborgerskap bli vektlagt. I tilknytning til disse temaene vil du få kjennskap til ulike dialogbaserte undervisningsmetoder og innsikt i faglige diskusjoner mellom ulike tradisjoner for demokratiundervisning
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor demokrati og medborgarskap som tema i samfunnsfag
- Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor de sentrale temaa i emnet - Kan oppdatere kunnskapen sin innanfor relevante tema for undervisning om demokrati og medborgarskap, menneskerettar og konfliktar
- Har kunnskap om fagets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet som er relevant for temaa i emnet
Studenten
- Kan bruke fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere begrunna val i eiga arbeid med temaa
- Kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling
- Kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
Studenten
- Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, og i tråd med etiske krav og retningsliner
- Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, arbeid med digitale verktøy, skriftlege arbeid og rettleiing.
Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomførte i e-læringsplattforma Canvas.
Eksamen vert levert digitalt i Inspera – Høgskulen i Volda sitt system for digital vurdering.
Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.
Frammøtekrav: Ingen
Arbeidskrav:
For å kunne framstille seg for eksamen må studenten ha gjennomført og bestått følgjande arbeidskrav
- Levere og få godkjent sjølvvalt pensum på 100-150 sider tilknytta fordjupningstema. Val av tema skal gjerast i samråd med emneansvarleg.
- Gjennomføre ei mindre tematisk læremiddelanalyse, som skal leverast som ein fagtekst på inntil 2500 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
- Skuleretta samfunnsfag - årsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | 3500 ord +/- 10 % |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
MGL5-10SA2A | 100% | 15 stp. |
MGL5-10SA3C | 7,5 stp. | |
ULESA5-10SA3C | 7,5 stp. | |
SRS101N | 5 stp. | |
SRS103N | 10 stp. |