Semestre

TOD109 Spill for kamera

Emnekode: 
TOD109
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

60stp. i teaterfag (minimum 30stp. i teaterproduksjon).

Om emnet

Emnet er eit introduksjonsemne til skodespelarteknikk for kamera, og vil ha eit praktisk-metodisk fokus.
Studentane vil m.a. jobbe med:

  • Grunnteknikkar for innstudering av tekst og scener
  • Praktisk-teoretisk innføring i skodespelarbeid for kamera
  • Innspelingar av ulike filmsjangrar og format
  • Enkelt etterarbeid, der ulike tagninger skal nyttast i same scene (kontinuitet/script/montasje)
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om metodar og verkemiddel for skodespel for kamera
  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi innan utvalde retningar i filmskodespel
  • har kunnskap om filmskodespelaren sin prosess
Ferdigheiter

Studenten

  • har grunnleggjande ferdigheiter i skodespelteknikk for kamera
  • kan nytte fagterminologi og drøfte ulike utfordringar i filmskodespel, både munnleg og skriftleg
  • kan ta regi av ein regissør/instruktør i ein praktisk opptakssituasjon
Generell kompetanse

Studenten

  • har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme, og innstudering av tekst og karakter
  • kan samarbeide med faglærar og medstudentar i praktisk og teoretisk arbeid med film
  • har eit teknisk grunnlag for å kunne sjølvprodusere korte scener (self tapes)
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil ha ulike former som: 

  • praktiske øvingar for kamera
  • filminnspelingar
  • seminar og workshops
  • tverrfagleg gruppearbeid
  • eigenvurdering og reflekterande logg
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80% i alle praktiske filmprosjekt og i undervisning. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • To filminnspelingar.
  • Reflekterande logg over eiget arbeid på emnet.

Alle arbeidskrav har 2 forsøk

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Raymond Corrado Knutsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
70
Omlag 5 minutt
Oppgave
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Godkjent av: 
Unni Hagen