Semestre
TOD109 Spill for kamera
60stp. i teaterfag (minimum 45stp. i teaterproduksjon).
Emnet er eit introduksjonsemne til skodespelarteknikk for kamera, og vil ha eit praktisk-metodisk fokus.
Studentane vil m.a. jobbe med:
- Grunnteknikkar for innstudering av tekst og scener
- Praktisk-teoretisk innføring i skodespelarbeid for kamera
- Innspelingar av ulike filmsjangrar og format
- Enkelt etterarbeid, der ulike tagninger skal nyttast i same scene (kontinuitet/script/montasje)
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om metodar og verkemiddel for skodespel for kamera
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi innan utvalde retningar i filmskodespel
- har kunnskap om filmskodespelaren sin prosess
Studenten
- har grunnleggjande ferdigheiter i skodespelteknikk for kamera
- kan nytte fagterminologi og drøfte ulike utfordringar i filmskodespel, både munnleg og skriftleg
- kan ta regi av ein regissør/instruktør i ein praktisk opptakssituasjon
Studenten
- har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme, og innstudering av tekst og karakter
- kan samarbeide med faglærar og medstudentar i praktisk og teoretisk arbeid med film
- har eit teknisk grunnlag for å kunne sjølvprodusere korte scener (self tapes)
Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil ha ulike former som:
- praktiske øvingar for kamera
- filminnspelingar
- seminar og workshops
- tverrfagleg gruppearbeid
- eigenvurdering og reflekterande logg
Frammøtekrav:
Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80% i alle praktiske filmprosjekt og i undervisning. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
- To filminnspelingar.
- Reflekterande logg over eiget arbeid på emnet.
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 70 | Studenten skal levere ei mappe som inneheld eit utval av eige innspelingsarbeid. | Alle | Omlag 5 minutt |
Oppgave | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Digital eksamen. Ei skriftleg heimeoppgåve på 1500 - 2000 ord. Kandidaten skal reflektere over og drøfte ulike utfordringar i filmskodespel i lys av aktuell teori og eige arbeid. | Alle | 1500-2000 ord. |