Semestre

ULESA3A Stad, identitet og fellesskap

Emnekode: 
ULESA3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I dette emnet utforskar vi tilknytinga mellom menneske og stad, og forholdet mellom stad, historie og identitet gjennom å ta for oss ulike teoretiske og analytiske perspektiv knytt til stad, lokalsamfunn, lokalhistorie og mikrohistorie. Stad og lokalsamfunn er omgrep som opnar for utforsking, samanlikning og kritisk tenking i møte med allmenne samfunns- og naturprosessar, og kan tydeleggjere samanhengar, endring og kontinuitet i desse prosessane.

Gjennom emnet skal studenten utvikle innsikt i heimstad og lokalsamfunn som sentral læringsarena i samfunnsfaget. Bruk av kjelder og metodar for mikrohistorie og stadssanalysar skal bidra til å gi studentane didaktiske verktøy til å legge til rette for utvikling av historiemedvit og geografisk danning hos elevane. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • utvikle djupnekunnskap om lokalhistorie og mikrohistorie som teoretisk og metodisk grunnlag for samfunnsfagundervisning   

  • tileigne seg spesialisert kunnskap om didaktisk arbeid med lokalsamfunnet som ramme for utvikling av historiemedvit, identitet og fellesskap   

  • utvikle inngåande teoretisk kunnskap om stad og geografisk danning   

  • utvikle inngåande kunnskap om didaktisk bruk av geografisk informasjon og historefaglege kjelder

 

Ferdigheiter

Studenten skal

  • utvikle ferdigheiter i undervisningsutvikling som fremmar elevens refleksjon over romlege samanhengar og bruk av historie i lokalsamfunnet      

  • utvikle ferdigheiter i å bruke og vurdere kjelder om lokalsamfunnet i arbeid med å utvikle nye problemstillingar og perspektiv som kan stimulere elevar til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende teoretisk og didaktisk kunnskap om stad og lokalsamfunn til å fremme eleven si utforsking og forståing av samspelet mellom natur og samfunn, mellom det lokale og det globale, og mellom fortid, notid og framtid   

  • kan stimulere til kritisk tenking og kreativitet med lokalsamfunnet som ramme   

  • kan kritisk vurdere elevar sitt læringsutbytte gjennom ekskursjonsbasert undervisning 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktivitet og varierte undervisningsformer. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon, og det er ein føresetnad at studentar deltek aktivt i undervisninga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

Tre arbeidskrav knytt til prosessarbeid med semesteroppgåva. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Undervisning og læring - erfaringsbasert master
  • Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Semesteroppgåve med omfang på 3000 - 4000 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023