Semestre
ULESA3A Stad, identitet og fellesskap
Ingen.
I dette emnet utforskar vi tilknytinga mellom menneske og stad, og forholdet mellom stad, historie og identitet gjennom å ta for oss ulike teoretiske og analytiske perspektiv knytt til stad, lokalsamfunn, lokalhistorie og mikrohistorie. Stad og lokalsamfunn er omgrep som opnar for utforsking, samanlikning og kritisk tenking i møte med allmenne samfunns- og naturprosessar, og kan tydeleggjere samanhengar, endring og kontinuitet i desse prosessane.
Gjennom emnet skal studenten utvikle innsikt i heimstad og lokalsamfunn som sentral læringsarena i samfunnsfaget. Bruk av kjelder og metodar for mikrohistorie og stadssanalysar skal bidra til å gi studentane didaktiske verktøy til å legge til rette for utvikling av historiemedvit og geografisk danning hos elevane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
utvikle djupnekunnskap om lokalhistorie og mikrohistorie som teoretisk og metodisk grunnlag for samfunnsfagundervisning
tileigne seg spesialisert kunnskap om didaktisk arbeid med lokalsamfunnet som ramme for utvikling av historiemedvit, identitet og fellesskap
utvikle inngåande teoretisk kunnskap om stad og geografisk danning
utvikle inngåande kunnskap om didaktisk bruk av geografisk informasjon og historefaglege kjelder
Studenten skal
utvikle ferdigheiter i å analysere lokalsamfunn og mikrohistoriske problemstillingar som grunnlag for eiga undervisning og som ekskursjonsmål
utvikle ferdigheiter i undervisningspraksis som fremmar elevens refleksjon over romlege samanhengar og bruk av historie i lokalsamfunnet
utvikle ferdigheiter i å bruke og vurdere geografisk informasjon og kjelder om lokalsamfunnet i arbeid med å utvikle nye problemstillingar og perspektiv som kan stimulere elevar til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Studenten
kan anvende teoretisk og didaktisk kunnskap om stad og lokalsamfunn til å fremme eleven si utforsking og forståing av samspelet mellom natur og samfunn, mellom det lokale og det globale, og mellom fortid, notid og framtid
kan stimulere til kritisk tenking og kreativitet med lokalsamfunnet som ramme
kan kritisk vurdere elevar sitt læringsutbytte gjennom ekskursjonsbasert undervisning
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktivitet og varierte undervisningsformer. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon, og det er ein føresetnad at studentar deltek aktivt i undervisninga.
Frammøtekrav:
Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Utarbeide og presentere ei kort planskisse for ei semesteroppgåve
Samle inn og presentere historisk og geografisk materiale frå eit lokalsamfunn som skal kunne nyttast til å utarbeide eit undervisningsopplegg i samfunnsfag
Utarbeide og presentere/gjennomføre eit undervisningsopplegg tilpassa elevar i grunnskulen basert på materiale innsamla i arbeidskrav 2.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent.
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Semesteroppgåve med omfang på 3000 - 4000 ord skal utarbeidast og leverast i eksamensmappa saman med arbeidskrav 2 og 3 og ein presentasjonstekst på omlag 500 ord |