Semestre
ULMA303 Problemløysing og modellering
Ingen
Matematikk vert brukt som reiskap i problemløysing i ulike samanhengar, både innanfor og utanfor matematikken sine eigne grenser. Matematisk modellering står ofte sentralt når matematikk vert nytta slik. Problemløysing og modellering er også viktige i eit læringsperspektiv; det ligg godt til rette for individuell elevtilpassing og inkludering i begge temaområda. Problemløysing og modellering brukt for å fremje tilpassa opplæring vert grundig handsama i emnet. Temaet vert analysert teoretisk og gjennom praktisk øving. I øvingane vert munnleg og skriftleg kommunikasjon, som er grunnleggjande ferdigheiter i faget, vektlagt. Bruk av verktøy er sentralt i modellering, særleg digitale verktøy. Bruk av verktøy i samband med modellering og læring vert handsama.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha inngåande
- teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing både som reiskap og som del av læringsprosessar
- kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar
- teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk modellering brukt som verktøy for å løyse praktiske problemstillingar og som del av læringsprosessar
- kunnskap i bruk av digitale verktøy i samband med problemløysing og modellering
Studenten skal kunne:
- bruke digitale verktøy i problemløysing og matematisk modellering
- konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar i samband med praktiske problemstillingar
- nytte matematiske problemløysingsmetodar
- bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring og inkludering, og kunne vurdere slik bruk
- analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Studenten skal kunne
- dokumentere og evaluere arbeid med problemløysing og modellering i skulen
- ta aktiv del i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar knytt til problemløysing og modellering
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen iVolda, §4-6.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.
Emnet har vidare to arbeidskrav:
1) Individuell eller gruppevis skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum.
2) Eit større arbeid med å lage ein matematisk modell innanfor eit sjølvvalt emne. Omfang om lag 5000 ord. Det skal brukast digitale verktøy.
Eit eige notat med detaljane i arbeidskrava vert utlevert ved studiestart.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Mastergradsstudium undervisning og læring
- Vidareutdanning i matematikk
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten sitt innleverte svar på arbeidskrav nr 2 vil, i tillegg til resten av pensum, danne grunnlaget for eksaminasjonen. |