Semesters

ULMA303 Problemløysing og modellering

Course code: 
ULMA303
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Matematikk vert brukt som reiskap i problemløysing i ulike samanhengar, både innanfor og utanfor matematikken sine eigne grenser. Matematisk modellering står ofte sentralt når matematikk vert nytta slik. Problemløysing og modellering er også viktige i eit læringsperspektiv; det ligg godt til rette for individuell elevtilpassing og inkludering i begge temaområda. Problemløysing og modellering brukt for å fremje tilpassa opplæring vert grundig handsama i emnet. Temaet vert analysert teoretisk og gjennom praktisk øving. I øvingane vert munnleg og skriftleg kommunikasjon, som er grunnleggjande ferdigheiter i faget, vektlagt. Bruk av verktøy er sentralt i modellering, særleg digitale verktøy. Bruk av verktøy i samband med modellering og læring vert handsama. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Studenten skal ha inngåande

  • teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing både som reiskap og som del av læringsprosessar
  • kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar
  • teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk modellering brukt som verktøy for å løyse praktiske problemstillingar og som del av læringsprosessar
  • kunnskap i bruk av digitale verktøy i samband med problemløysing og modellering
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • bruke digitale verktøy i problemløysing og matematisk modellering
  • konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar i samband med praktiske problemstillingar
  • nytte matematiske problemløysingsmetodar
  • bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring og inkludering, og kunne vurdere slik bruk
  • analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • dokumentere og evaluere arbeid med problemløysing og modellering i skulen
  • ta aktiv del i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar knytt til  problemløysing og modellering

 

Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen iVolda, §4-6.

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.

Emnet har vidare to arbeidskrav:

1) Individuell eller gruppevis skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum.

2) Eit større arbeid med å lage ein matematisk modell innanfor eit sjølvvalt emne. Omfang om lag 5000 ord. Det skal brukast digitale verktøy.

Eit eige notat med detaljane i arbeidskrava vert utlevert ved studiestart.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Leif Bjørn Skorpen
Used in other programs
  • Master of Education
  • Mathematics for Teachers - Continuing Course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten sitt innleverte svar på arbeidskrav nr 2 vil, i tillegg til resten av pensum, danne grunnlaget for eksaminasjonen.