Semestre
ULNO303 Lese- og skrivekunne
Ingen
Emnet tek for seg lese- og skrivekunne og korleis ein kan arbeide med utvikling av djupneforståing for ulike elevgrupper i grunnskulen. Sentrale studiefelt vil mellom anna vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne i bokmål og nynorsk, leseforståing og lesestrategi, forsking på lese- og skriveopplæring, lesing og skriving i eit begynnarperspektiv, i eit vidareopplæringsperspektiv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emnestudium skal kandidaten ha:
- Inngåande kunnskap om lesing og skriving som fagovergripande kompetansar i eit mangfoldig klasserom
- forskingsbasert kunnskap om literacy- og sjangerforsking og lesing og skriving som læringsreiskapar i alle fag og for ulike elevgrupper
- inngåande kunnskap om lesing og skriving: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål.
- kunnskap om varierte undervisningsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging kan medverke til god læring
- forskningsbasert kunnskap om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv.
Etter fullført emnestudium skal studenten kunne:
- undervise og legge til rette for lese- og skriveopplæring for ulike elevgrupper
- drive forskings- og utviklingsarbeid innan lese- og skrivefeltet
- rettleie ulike elevgrupper i lesing og skriving, og vurdere kompetansen deira i lesing og skriving
- vurdere tekstar kritisk, vurdere og bruke ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
- sjå korleis multimodale ytringar utvidar tekstomgrepet og vilkåra for kommunikasjon og kunne nyttiggjere seg dette i klasserommet
Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Emnet er organisert med fem samlingar av to dagar. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.
Førebuing til og gjennomføring av skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum. Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
- Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
- Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
- Mastergradsstudium undervisning og læring
- Norsk - vidareutdanning på masternivå
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Individuell 2 vekers heimeoppgåve. Studentane skal skrive på nynorsk. | Om lag 4000 ord |