Semesters

ULNO303 Lese- og skrivekunne

Course code: 
ULNO303
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Lese- og skrivekunne
Teaching semester: 
2018 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Lese- og skrivekunne
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet tek for seg lese- og skrivekunne og korleis ein kan arbeide med  utvikling av djupneforståing for ulike elevgrupper i grunnskulen. Sentrale studiefelt vil mellom anna vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne i bokmål og nynorsk, leseforståing og lesestrategi, forsking på lese- og skriveopplæring, lesing og skriving i eit begynnarperspektiv, i eit vidareopplæringsperspektiv.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter fullført emnestudium skal kandidaten ha:

  • Inngåande kunnskap om lesing og skriving som fagovergripande kompetansar i eit mangfoldig klasserom
  • forskingsbasert kunnskap om literacy- og sjangerforsking og lesing og skriving som læringsreiskapar i alle fag og for ulike elevgrupper
  • inngåande kunnskap om lesing og skriving: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål.
  • kunnskap om varierte undervisningsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging kan medverke til god læring
  • forskningsbasert kunnskap om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv.
Learning outcome skills

Etter fullført emnestudium skal studenten kunne:

  • undervise og legge til rette for lese- og skriveopplæring for ulike elevgrupper
  • drive forskings- og utviklingsarbeid innan lese- og skrivefeltet
  • rettleie ulike elevgrupper i lesing og skriving, og vurdere kompetansen deira i lesing og skriving
  • vurdere tekstar kritisk, vurdere og bruke ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
  • sjå korleis multimodale ytringar utvidar tekstomgrepet og vilkåra for kommunikasjon og kunne nyttiggjere seg dette i klasserommet
Learning outcome qualification

Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng

Working and learning activities

Emnet er organisert med fem samlingar av to dagar. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Assessment requirements

Førebuing til og gjennomføring av skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum. Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Evaluation

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Wenke Mork Rogne
Used in other programs
  • Master Degree in New Norwegian Written Culture
  • Master Degree in New Norwegian Written Culture
  • Master of Education
  • Master of Education
  • Norwegian (master level)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
2 Week
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Individuell 2 vekers heimeoppgåve. Studentane skal skrive på nynorsk.
Om lag 4000 ord