Språkleg og kulturelt mangfald i utdanning
Forskargruppa arbeider med problemstillingar knytt til moglegheiter og utfordringar som det språklege og kulturelle mangfaldet gir. Gruppa er tverrfagleg, men har det til felles at vi er opptekne av korleis barnehagar og skular skapar eit oppvekst- og læringsmiljø som gir best mogleg utbytte for alle barn, unge og vaksne. Sentrale forskingsinteresser er:
• Inkludering og antirasistisk arbeid
• Fleirspråklege og fleirkulturelle perspektiv på utvikling og læring hos barn og unge
• Norskopplæring i eit andrespråksperspektiv
Målet for forskargruppa er å utvikle kompetanse på det fleirspråklege og fleirkulturelle feltet, utvikle metodekompetanse på forsking i barnehage- og skule, etablere forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, utvikle felles forskingsprosjekt og involvere studentane i forskinga.
Aktiviteten i forskargruppa:
Forskargruppa arbeider i team og har faste møter cirka ein gong i månaden der vi diskuterer problemstillingar, metode og teoretiske spørsmål knytt til forskingsprosjekt. Vi legg fram og gir respons på tekstutkast til publikasjonar, held oss oppdatert på forskingsfronten og deltek i den faglege debatten.
Pågåande forskingsprosjekt:
Medlemmane i forskargruppa arbeider med følgjande prosjekt:
- Fleirspråklegheit som ressurs i den vidaregåande skule, Sofie Emilie Holmen
- DigiHand – fleirspråklege elevar og skriveopplæring i digitale klasserom, Birgitte Fondevik
- Bruk av barnelitteratur i det fleirspråklege og fleirkulturelle klasserommet, Randi Myklebust,
- Minner om flerspråklige praksiser og utdanning i selvbiografier til voksne med innvandrerfamiliebakgrunn, Randi Myklebust & Lise Iversen Kulbrandstad (HINN)
- Fleirspråkleg støtte i norskopplæringa for vaksne innvandrarar, Birgitte Fondevik
- Innvandrarfamiliar i møte med videregåande skule, Julia Melnikova
- Fleirspråklege elevar og spesialundervisning, Anne-Kari Remøy
- Språkutvikling hos fleirspråkelege born, Randi Neteland
Nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar:
Høgskolen i Innlandet, leiar for forskargruppa "Språkdidaktikk i flerspråklige kontekster", professor Lise Iversen Kulbrandstad.
Internasjonalt forskningsnettverk for språkleg og kulturelt mangfald i utdanninga,
Edilic: Éducation et Diversité Linguistique et Culturelle
Kontaktperson i Noreg: Sofie Emilie Holmen
Bethel Pre- and Primary School, Himo, Kilimanjaro, Tanzania
Kontaktperson i Noreg: Birgitte Fondevik
Tilsette ved HVO eller andre institusjonar som er interessert i å vere med i forskargruppa, eventuelt som ekstern samarbeidspartnar, kan ta kontakt med ein av leiarane.
Leiarar og kontaktpersonar:
Birgitte Fondevik (dosent i norskdidaktikk), leiar, tlf: 70075039, e-post
Randi Myklebust (førsteamanuensis i fleirkulturell pedagogikk), leiar, tlf:70075378, e-post
Medlemar:
Kristin Rostad Gangstad
Ingrid Vee Hagestuen
Sofie Emilie Holmen
Julia Melnikova
Randi Neteland
Anne-Kari Remøy