Berekraftdidaktikk

Føremål

Forskingsgruppa Berekraftdidaktikk har som føremål å drive fram ny kunnskap ved å forske på korleis utdanning for berekraftig utvikling blir forstått, synleggjort og utøvd i den didaktiske praksisen til barnehagar, skular og i lærarutdanninga. Målsetjinga for forskingsgruppa er å auke kompetansen i kva didaktisk praksis som er med på å skape handlingskompetanse. Forskinga vår og publiseringane skal vere ein brubyggar mellom lærarutdanninga, barnehagar, skular og eksterne aktørar.

Forskingsgruppa har medlemmar med erfaring frå både kvalitativ og kvantitativ forsking

Forskingsgruppa er tverrfagleg og har medlemmar frå realfag, samfunnsfag og pedagogikk med felles forankring i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, PPU og vidareutdanning av lærarar.

Aktivitetar

Medlemmane i forskingsgruppa møtest om lag 3 gonger per semester, der vi har litteraturgjennomgang, presentasjon av forskingsprosjekt som er undervegs, diskuterer aktuelle problemstillingar, metode og teoretiske spørsmål samt initiera forskingsprosjekt i samarbeid mellom alle eller delar av medlemmane i gruppa. Forskingsaktiviteten skjer også i samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø.

Prosjekt

Medlemmane i forskingsgruppa arbeider  mellom anna med følgjande prosjekt:

  1. Med bakgrunn i ny læreplan, arbeider Håberg og Ryslett med ein forskingsstudie der berekraft er ein av dimensjonane. Studien er basert på fokusgruppeintervju om barnehagepersonalet si forståing av og utøving av berekraftsutfordringar i sine praksisar (Håberg, Ryslett & Høydalsvik). Forskingsartikkel publisert i 2023 (sjå Publisering nedst).
  2. Forskingsstudie inn mot barnehagelærarar i vidareutdanning. Analyse av barnehagelærarane sine forståingar og utøving av handlingskompetanse for berekraft. Studien har berekraftsdidaktiske spørsmål om utfordringar og dilemma barn og barnehagelærarar står i (Vikane & Høydalsvik).
  3. Forskingsstudie som undersøker kva som støttar barnehagelæraren sin kapasitet til å meistre berekraftsutdanning. Kritisk analyse av barnehagelæraren sin kompetanse, motivasjon og moglegheiter (= kapasitet) i berekraftopplæringa (Høydalsvik & Vikane).
  4. Estetiske erfaringar og berekraft i tverrfagleg undervisning mellom naturfag og praktisk-estetiske fag. Kapittel i planlagd antologi om utdanning for berekraftig utvikling frå HVL (Fooladi i samarbeid med Lydia Schulze Heuling ved HVL).
  5. Utvikling av sanselege og utforskande verkstadar ved Atlanterhavsparken akvarium og vitensenter retta mot skuleklassar på vitensenterbesøk. Design-based research-prosjekt for å studere og fremme tverrfagleg og sanseleg undervisning på 6. og 9. trinn (Fooladi, Mette Marie Scott-Dahl ved Atlanterhavsparken, og Beate Humberset og Oda Bolstad ved HVO realfag/matematikk). Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune og Noregs Forskingsråd over programmet “Forsker til låns”, i tillegg til delfinansiering frå Atlanterhavsparken og HVO.
  6. I samarbeid med forskar ved Havforskingsinstituttet / Runde Mijøsenter er vi i gang med ein nordisk survey. Forskingsstudien spør korleis vitensentera saman med skulane i større grad kan fremje barn og unge sin handlingskompetanse for berekraft (Vikane, Ullgren & Høydalsvik).

Nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Runde Miljøsenter, forskar Jenny Ullgren
Atlanterhavsparken, pedagog Jeanette G. Hjelle
Åbo Akademi, universitetslärare Pia Sjöblom
Samarbeidande forskingsgruppe: Grupo de Investigación en Comunicación y Educación, Andalucía, Spania

Leiarar og kontaktpersonar

Førsteamanuensis Jan Håkon Vikane, AHL, leiar, tlf: 70 07 53 92, e-post
Professor Torhild Høydalsvik, AHL, leiar, tlf: 70 07 53 33, e-post

Medlemmar

Førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg, AHL
Førsteamanuensis Carlos Magnusson, AHL
Førstelektor Kari Ryslett, AHL 
Førsteamanuensis Erik C. Fooladi, AHL
Førsteamanuensis Kjersti Straume, ASH
Stipendiat Trude Nordal, AHL
Forskar Jenny Ullgren, Runde Miljøsenter

Publisering

1) Håberg, L. I. A., Ryslett, K. & Høydalsvik, T. E. L. (2023). How Kindergarten Teachers Support Nascent Understanding of Sustainable Development Among Children – A New Label on an Old Practice? Nordisk barnehageforskning, 20(3), 203–222. https://doi.org/10.23865/nbf.v19.335