Open tilgang/Open Access
Open tilgang/Open Access inneber at vitskaplege publikasjonar vert gjort fritt tilgjengelege på internett.
Ei av hindringane for slik fri og open tilgang, er at publisering i open tilgang/Open Access - tidsskrift kan medføre kostnader til forfattarane. Dette medfører at slik publisering for forskaren framstår som dyrare enn publisering i tradisjonelle tidsskrift, og forskaren vil kunne oppleve dette som eit argument mot å publisere i open tilgang/Open Access - tidsskrift.
Høgskulen i Volda har ei støtteordning for å dekke forfattar-/publiseringskostnader ved open tilgang/Open Access-publisering av vitskaplege tidsskriftsartiklar.
Det er ingen søknadsfrist. Forskingsadministrasjonen ved Høgskulen i Volda avgjer søknadane løpande og gir tilbakemelding til forfattaren, og informerer om korleis betaling skal skje. Sjå retningslinjer før du søker: Retningslinjer for støtte til open publisering
Forskingsrådgjevar for open tilgang: Geir Tangen.