Retningslinjer

Søknader om støtte til å utarbeide konkrete søknader til Norges Forskningsråd, Regionale Forskningsfond eller Horisont Europa vert prioriterte. Søkjar bør delta i ei av høgskulen sine forskingsgrupper og/eller vere aktiv i eit forskingsmiljø. Forskingsgrupper og forskingsmiljø blir oppmoda til å søkje om såkornmidlar som gruppe.

Forskingsutvalet oppmodar søkjarar til tverrfagleg samarbeid, internasjonalt samarbeid og til samforfattarskap med forskarar utanfor HVO - gjerne internasjonalt.

Vilkår for støtte:

  • Prosjektet skal gje konkrete resultat i form av ein søknad om eksterne prosjektmidlar til forskingsprosjekt, eller etablering av eit forskingssamarbeid. For sistnemnde må det inngå konkrete planar om å utarbeide søknad om eksterne midlar, og samarbeidet bør helst gje resultat i form av sampublisering med tilsette ved andre institusjonar i inn- og utland.
  • Søknaden må ha med budsjett for aktivitetane det vert søkt støtte til.
  • Søknadene bør vere av ein viss storleik, helst over kr 75 000,-.
  • Ein einskild person skal vere prosjektansvarleg. Søkjar må ha kompetanse som er i tråd med krava til den eksterne finansieringskjelda. Til dømes er det for somme av Forskningsrådet sine utlysingar krav om godkjent doktorgrad eller førstestillingskompetanse før søknadsfristen.
  • Det må argumenterast for korleis fagfeltet til prosjektet eller forskingsgruppa passar med dei strategiske måla til avdelinga og HVO.
  • Når det gjeld frikjøp til individuell forskingstid, viser vi til ordninga med FoU-stipend. Det er heller ikkje høve til å søkje midlar til individuell kompetanseheving (t.d. kurs og sertifisering).
  • Søknadene må ha som mål å oppnå eit større beløp frå eksterne finansieringskjelder enn søkt støtte frå HVO.
  • Det skal sendast inn ein kortfatta rapport om bruken av midlane og oppnådde resultat til Forskingsadministrasjonen. Lenke til rapporteringsskjema vert sendt ut til dei som skal rapportere. Rapporten vil verte lagt fram i Forskingsmeldinga og i Forskingsutvalet.

Søknadene skal fyllast ut i nettskjema og må følgje mal for innhald. Prosjektskildringa skal vere maks 500 ord.

For etablering av forskingsgrupper og mindre prosjekt, sjå også støtte til forskingsgrupper.